Kfar Haruv (hebraisk כְּפַר חָרוּב, tyder 'jhannesbrødtrelandsbyen') er ei israelsk busetjing, ein kibbutz, som ligg sør i Golanhøgdene. Han høyrer til Kibbutzrørsla og Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.
Geografi Kibbutzen ligg på kanten av ei klippe, 315 meter over havet, kring 525 meter over Genesaretsjøen) som ligg 2 km mot vest.
Historie Busetjinga vart grunnlagd i 1973 og tok namnet frå ein arabisk landsby som hadde lege der tidlegare, Kafr Hareb. Denne var visstnok igjen kalla opp etter landsbyen Haruva som låg i området i Talmud-tida. Innbyggjarane slo seg først ned i leiren Afik, og flytta til den noverande plasseringa (ein syrisk militærbase med utsyn over Ein Gev og HaOn) i 1974. Det var den sekstande israelsk busetjinga som vart grunnlagd i Golanhøgdene og medlemmane var israelarar og emigrantar frå USA. I 2011 var folketalet 400 innbyggjarar. 90 av dei budde då i eit nabolag som var nybygd i 2004.
Økonomi Den viktigaste arbeidsgjevaren for busetjinga er fabrikken A.R.I. som produserer hydraulisk utstyr. Busetjinga driv òg jordbruk, og haustar mandlar, avokado, nektarinar og fersken.
Sjå òg israelskokkuperte territorium
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kfar Haruv» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Israelske busetjingar Kategori:Kibbutzar Kategori:Golan regionale kommune Kategori:Busetnader grunnlagde i 1974 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel