Marie Dorin-Habert, () er ein fransk skiskyttar frå Lyon, busett i småbyen Laval. Ho vart verdsmeister på 7,5 km ved VM i skiskyting 2015, fem år etter ho tok bronsemedaljen i same øvinga under Vinter-OL 2010. Dorin-Habert har elles vunne fem sølvmedaljar og to bronsemedaljar i ulike stafettar i fleire VM og OL i tida 2009-15.
Aktiv Marie Dorin vann si fyrste VM-medalje, ein bronse, då ho gjekk tredjeetappen for Frankrike på 4 x 6 km stafett under VM i skiskyting 2009 i Pyeongchang. Under dei olympiske leikane i Vancouver vinteren 2010 sikra ho seg bronsemedaljen på 7,5 km etter prikkfri skyting. Seinare i vinterleikane kunne ho innkassere ein sølvmedalje på 4 x 6 km stafett, ein medaljefangst som ho, til liks med sesongen i førevegen, delte med Marie-Laure Brunet, Sylvie Becaert og ankerkvinna Sandrine Bailly.
Under VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk stod Dorin for gode prestasjonar i alle tevlingane. Medaljane kom i mixstafetten og i kvinnestafetten, bronse i den fyrste og sølv i den andre. I VM 2012 kopierte dei same franske kvinnene; Brunet, Sophie Boilley, Anaïs Bescond og Dorin-Habert, eit nytt sølvløp på stafetten over 4 x 6 km. Individuelt vart Dorin-Habert nummer fire på 15 km. Også frå VM 2013 kom Dorin-Habert heim med sølv, men då på mixstaffen i lag med Brunet, Alexis Bæuf og Martin Fourcade.
Etter at OL-sesongen 2014 vart prega av sjukdom kom Dorin-Habert utover i 2015-sesongen sterkt tilbake. Under VM i skiskyting i Kontiolahti tok ho sølv med det franske laget på mixstafetten, før ho den 7. mars vann gullmedaljen på 7,5 km med ein sigersmargin på 9,6 sekundar.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Marie Dorin-Habert» frå , den 8. mars 2015.
Kategori:Franske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2010 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2018