mini|Royal National Theatre, bygt 1967-76 Denys Louis Lasdun () var ein britisk arkitekt, fødd og død i London. Han høyrer til dei viktigaste forkjemparane for modernistisk arkitektur i etterkrigstidas Storbritannia.

Lasdun studerte ved Architectural Association School of Architecture i London og arbeidde så ei tid hos Wells Coates. Til liks med andre britiske modernist-arkitektar, som Basil Spence, Peter og Alison Smithson, var Lasdun sterkt påverka av Le Corbusier og Ludwig Mies van der Rohe, men henta òg inspirasjon frå meir klassisk arkitektur.

Hans mest kjend byggverk er Royal National Theatre i London. Bygget vert rekna som eit kroneksempel på såkalla brutalist-arkitektur, bygningar som består mykje av betong og liknande materiale.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Denys Lasun» frå , den 2. april 2015.

Kategori:Britiske arkitektar