Bodil Aakre () var ein norsk jurist og politikar frå Oslo. I tida 1965-73 representerte ho Nordland fylke og partiet Høgre på Stortinget. Aakre har vorte tillagd mykje av æra for at Brønnøysundregistra vart lagd til Brønnøysund.

Liv og gjerning Aakre var fødd i dåverande Kristiania, som dotter av ein næringsdrivar. Ho vart student i 1942 og tok cand.jur.-eksamen i 1948. Frå 1948 til 1957 arbeidde ho som jurist i Hammerfest og Alta. I 1957 vart ho tilsett som juridisk rådgjevar for Nordland Landbruksselskap.

Ved stortingsvalet i september 1965 vart ho vald til stortingsrepresentant for Høgre i Nordland. I den fyrste fireårsbolken var ho medlem av Administrasjonskomiteen. Etter at ho vart attvald i 1969 sat ho den fyrste stortingssesjonen i Kyrkje- og undervisningskomiteen, dei tre siste sesjonane var ho medlem av Justiskomiteen. Heile den siste stortingsperioden var ho medlem av den mindre viktige Valkomiteen.

Aakre var så sorenskrivar i Brønnøysund frå 1973 til ho vart pensjonert i 1988. Valperioden 1976-79 var ho i tillegg ordførar i Brønnøy kommune. Frå 1980 til 1988 var ho leiar av Lausøyreregisteret.

I 2002 vart Aakre heidra med ei byste utanfor hovudinngangen til Brønnøysundregistra.

Aakre busette seg i Benidorm i Spania i 1991, der ho også døydde.

Kjelder Biografi ved Stortinget.no

Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland