Morbærfiken (Ficus sycomorus) er eit delvis eviggrønt tre i fikenslekta i morbærfamilien. Det veks hovudsakleg i Nord- og Aust-Afrika. Treet er også kjend som «sykomor» eller «adamsfiken». Morbærfiken har gråkvite, etande frukter som er dekte av lyseraude skjel. Desse er kjende som adamsfiken, egyptiske fiken eller eselfiken. Veden er sterk og haldbar, og har vore brukt til å laga møblar og reiskapar. I oldtida blei han brukt til å laga mumiekister.
Morbærfiken er nemnd fleire gonger i Bibelen. Treet har også ei viktig stilling i kikuyumytologi.
Kjelder
«Morbærfikentre» (31. januar 2013). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 28. juni 2015.
Denne artikkelen bygger på «Morbærfiken» frå , den 28. juni 2015.
Bakgrunnsstoff
kategori:fikenslekta Kategori:Kulturplantar frå Afrika