Kfar Haroeh (hebraisk skrift כְּפַר הָרֹאֶ"ה, tyder 'Haroehlandsbyen' og Haroeh er eit akronym for HaRav Avraham HaCohen Kook) er ein religiøs moshav sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta mellom Hadera og Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 500.

Moshaven vart grunnlagd den 23. november 1933, og vart kalla opp etter Abraham Isaac Kook, den første askenasiske sjefsrabbien i Palestinamandatet. Grunnleggjarane var religiøse jødar som hadde emigrert frå Europa. Landområdet som landsbyen vart bygd på hadde vore kjøpt av Jewish National Fund.

Ein av nabolaga i landsbyen, Beit Hazon, vert rekna som ein eigen fellesbusetnad, men har ikkje slik status i den regionale kommunen.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kfar Haroeh» frå , den 15. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Europeisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Busetnader grunnlagde i 1933 Kategori:1933 i Palestina Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel