Herzliya (hebraisk skrift הֶרְצֵלִיָּה) er ein by på sentralkysten i Israel, nord i Tel Aviv distrikt. Han har 87 000 innbyggjarar. Byen er kalla opp etter Theodor Herzl, grunnleggjaren av moderne sionisme, og dekkjer eit område på 21,6 km². I vest ligg bydelen Herzliya Pituah, eit av dei mest velståande distrikta i Israel og heim til ambassadørar, utanlandske diplomatar og forretningsfolk.

Historie Herzliya vart grunnlagd i 1924 som ein delvis fellesgard (moshava) med ein blanda folkesetnad av nye immigrantar og folk som hadde vore fastbuande i området. Etter Israel vart oppretta i 1948, slo store mengder immigrantar seg ned her. I 1960 hadde folketalet nådd 25 000 og Herzliya fekk bystatus.

Demografi I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå er innbyggjarane i Herzliya av dei mest velståande i Israel.

Idrett Byen har to fotballag, Maccabi Herzliya og Hapoel Herzliya. Begge held til på Herzliya kommunale stadion som har ein kapasitet på 7 100 tilskodarar. Bnei HaSharon basketballlag spelar kampar i Herzliya og Ra'anana (klubben vart danna då laga i Herzliya og Ra'anana vart slått saman).

Herzliya Pituah mini|Dan Acadia-stranda mini|Herzliya Marina Nokre av dei dyraste heimane og finaste strendene i Israel ligg i Herzliya Pituah, eit nabolag på vestsida av Herzliya. Herzliya Pituach er eit ynda område for høgteknologiselskap, og båthamna, dei mange restaurantane og uteplassane gjer at Herzliya har eit yrande natteliv.

Midtaustenkonflikten Den 11. juni 2002 vart Hadar Hershkowitz (14) drepen i ei restaurantbombing i Herzliya. «A funeral instead of graduation,» Tovah Lazaroff, 13. juni 2002, Jerusalem Post.Hadar Hershkowitz Den 30. mai 2006 vart ein innbyggjar i Herzliya, Re'ut Feldman (20), drepen i Kedumim-bombinga.Re'ut Feldman

Venskapsbyar Alicante i Spania Banská Bystrica i Slovakia (sidan 1995) Beverly Hills i California i USA Bursa i Tyrkia Columbus i Ohio i USA Dnipropetrovsk i Ukraina San Bernardino i California i USA Funchal i Portugal Hollywood i Florida i USA Leipzig i Tyskland Marl i Tyskland San Isidro i Argentina Toulon i Frankrike Yangzhou i Folkerepublikken Kina

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Herzliya» frå , den 5. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sharonsletta Kategori:Byar i Tel Aviv distrikt Kategori:Busetnader grunnlagde i 1924 Kategori:1924 i Palestina