Nehora (hebraisk skrift נְהוֹרָה) er ein moshav (landsby) sør på Den israelske kystsletta, kring 5 km vest for Kiryat Gat sør i det sentrale Israel. Han er ein del av Lakhish regionale kommune.

Nehora vart grunnlagd i 1955 som ein del av planane om å busetje Hevel Lakhish og var meint som eit tenestesenter for dei omliggande landsbyane. Det ligg eit kjøpesenter, ein skule og kommunekontor her. I 2003 hadde han 1 200 innbyggjarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nehora» frå , den 11. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1955 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1955 i Israel