«Staying Power» er opningssporet på Queen-albumet Hot Space frå 1982. Han vart skriven av songaren Freddie Mercury og er kjend som den einaste songen til Queen med ei blåserekkje, som var arrangert av Arif Mardin. Songen er driven av eit funky bassriff (spelt av Mercury) som går gjennom heile songen. John Deacon spelar ikkje bass på songen, men rytmegitar på ein Fender Telecaster i staden for. Roger Taylor programmerte ein Linn LM-1 trommemaskin for songen. Brian May spelar på gitaren sin Red Special. I ei melding for Stylus skildra kritikaren Anthony Miccio stilen til songen som «ein electro-disco-song med frenetiske horn.»Queen – Hot Space Stylus. Henta 7. april 2012

Songen vart gjeven ut på singel i Japan, USA og Polen, der han nådde 21. plassen.

Konsert Songen vart spelt på Hot Space-turneen og til ein viss grad på The Works-turneen. Konsertversjonen av «Staying Power» er ein noko annleis versjon enn albumversjonen. Morgan Fisher spelte klaverinstrument og erstatta Oberheim-instrumentet med ein Roland Jupiter 8. Taylor erstatta trommemaskinen med akustiske og elektriske trommer. Det er òg den einaste songen der Deacon spelar rytmegitar live, sidan bassen vart spelt på klaver. Songen vart omgjort til ein funkrocksong i staden for ein disco-aktig rockelåt. Eit konsertopptak av songen finst på DVDen Greatest Video Hits 2, albumet og DVDen Queen On Fire: Live At The Bowl og på luksusutgåva av Hot Space frå 2011.

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, synthesiser, trommemaskin, synthbass Brian May - sologitar Roger Taylor - elektroniske trommer John Deacon - rytmegitar

Andre medverkande Arif Mardin: «Hot and spacey» blåsearrangement

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Staying Power» frå , den 19. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar