«These Are the Days of Our Lives» er ein song av det britiske rockebandet Queen frå 1991 på albumet Innuendo. Sjølv om han er tilskriven heile bandet på plateomslaget, vart han i hovudsak skriven av trommeslagaren Roger Taylor.Innuendo - These Are The Days Of Our Lives UltimateQueen. Henta 26. juli 2016 Klaverinstrumenta vart programmerte av dei fire medlemmane i studio, og congaperkusjonen vart spelt inn av produsenten David Richards.

Songen vart gjeven ut på singel i USA på 45-årsdagen til Freddie Mercury, 5. september 1991, og som ei dobbel A-side i Storbritannia tre månader seinare den 9. desember, etter Mercury døydde, i lag med «Bohemian Rhapsody». Singelen gjekk rett inn på toppen av singellista i Storbritannia og låg på toppen i fem veker, mellom anna den prestisjefylte juleveka.Bohemian Rhapsody/These Are The Days Of Our Lives Chartstats. Henta 29. juli 2016 Songen fekk ein BRIT Award for «Beste singel» i 1992.The Highs and Lows of the Brit Awards BBC. Henta 29. juli 2016

«These Are the Days of Our Lives» minnar om ein Queen-song med liknande tema frå 1975, «Love of My Life». Mot slutten av songen talar Mercury «I still love you», slik han ofte gjorde i konsertversjonane av «Love of My Life». (Roger Taylor)

Konserversjonar Songen vart først spelt live den 20. april 1992 under Freddie Mercury Tribute Concert, sungen av George Michael og Lisa Stansfield.The Freddie Mercury Tribute Concert: These Are the Days of Our Lives Henta 29. juli 2016 Denne konsertversjonen var med på albumet «Five Live (EP)», i 1993, tilskriven 'George Michael with Queen & Lisa Stansfield'.

Songen vart framført på Queen + Paul Rodgers-turneen i 2005-2006, sungen av Roger Taylor. På scenen vart det synt video av bandet under den første turneen deira i Japan, inkludert mange bilete av dei tidlegare medlemmane Mercury og Deacon.

Songen vart nytta den 1. juli 2007 under Concert for Diana.Old and new stars celebrate Diana BBC. Henta 29. juli 2016 Det var ein konsert halden på den nye Wembley Stadium i London til minne om Diana, prinsesse av Wales, som døydde ti år tidlegare. Mot slutten av konserten vart det synt ein videomontasje av Diana som barn, medan songen vart spelt i bakgrunnen.

Ein coverversjon av Petula Clark vart gjeven ut på samlealbumet Then & Now i 2008.

Musikkvideo Musikkvideoen til songen består av dei siste filmklippa med Freddie Mercury, som døydde kort tid etter av AIDS. Det meste av videoen vart filma av Rudi Dolezal og Hannes Rossacher i DoRo Productions den 30. mai 1991.

Freddie Mercury, Roger Taylor og John Deacon var til stades under filminga, og andre klipp av gitaristen Brian May vart filma nokre veker seinare og redigert inn mellom dei andre. Videoen vart filma i svartkvitt for å skjule kor dårleg Mercury var på den tida.

Bandet gav seinare ut fargefilm frå videoen, for å syne kor svak Mercury faktisk var på den tida. I musikkvideoen har Mercury på seg ein vest med bilete av kattar, som var laga for han av ein god ven, og som han likte særs godt. Mercury visste at dette var siste farvel og såg rett inn i kamera på slutten av songen og kviskrar «I still love you».Queen: The Ultimate Illustrated History of the Crown Kings of Rock. s.224. Voyageur Press, 2009Final Freddie Mercury performance discovered The Independent. Henta 29. juli 2016

Versjonen av den endelege videoen for den amerikanske marknaden inneheldt nokre animerte bilete produsert av animatørane til Walt Disney Studios, som eigde det nordamerikanske plateselskapet som hadde kontrakt med Queen, Hollywood Records, eit dotterselskap til The Walt Disney Company.DVD Docum - These Are The Days Of Our Lives Queen Collection. Henta 29. juli 2016 I Europa vart ein annleis, «rein» versjon av videoen gjeven ut, utan dei animerte klippa. Nok ein videoversjon av songen vart gjeven ut i 1992 for å marknadsføre samlealbumet Classic Queen i USA, som kombinerte gamle klipp av bandet frå 1973 til 1991.Queen Album: Classic Queen MTV. Henta 29. juli 2016

Innhald Første utgåve

Andre utgåver

Lister

Vekeslister Liste (1991–92)Plassering Australia (ARIA) 5 Austerrike (Ö3 Austerrike Top 40) 8 Frankrike (SNEP) 15 Tyskland (Media Control AG) 16 Irland (IRMA) 1 Nederland (Mega Single Top 100) 1 New Zealand (RIANZ) 16 Sveits (Schweizer Hitparade) 8

Salstrofé

Prisar ÅrSeremoniPrisResultat1992Brit AwardsÅrets singel i StorbritanniaVann

Medverkande Freddie Mercury - Solo- og korvokal Brian May - elektrisk gitar Roger Taylor - trommer, klaverinstrument John Deacon - bassgitar David Richards - klaverinstrument, perkusjon, programmering

Kjelder Denne artikkelen bygger på «These Are the Days of Our Lives» frå , den 29. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisielle YouTube-videoar: Queen + Paul Rodgers (live), på Freddie Mercury Tribute Concert (med George Michael og Lisa Stansfield) Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Songar frå 1991 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Queen-songar Kategori:Softrock-songar Kategori:Balladar frå 1990-åra Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Roger Meddows-Taylor Kategori:Hollywood Records-singlar