Roger Hunt () er ein engelsk tidlegare fotballsspelar som vart verdsmeister med England i 1966, ligameister 1964 og 1966 med Liverpool FC og vinnar av FA-cupen 1965.

Klubbspel Midtspissen Hunt debuterte på Liverpool FC i september 1959 og skåra 245 ligamål på 404 kampar dei neste ti åra. Einast Ian Rush har skåra fleire mål for Liverpool. Hunt vart toppskårar då Liverpool vann ligaen 1964 og atter i 1966, og han var fyrste målskårar då Liverpool vanne med 2-1 over Leeds United i FA-cupfinalen 1965.

I desember 1969 vart han overført til Bolton Wanderers i 2. divisjon. Fram til han la opp i 1972 spelte han 76 kamapar og skåra 24 for klubben.

Landslagsspel Hunt fekk sin debut på det engelske landslaget i 1962, men det var fyrst frå 1964 han var i fremte rekke når dei 11 utvalde skulde takast ut. Han spelte alle seks kampane då England vann verdsmeisterskapen 1966 på heimebaner, og skåra tre av England sine fire mål i gruppespelet. Hunt var også med då England vann 2-0 over Sovjetunionen i bornsefinalen under fotball-EM 1968 i Italia. Han spelte sin 34. og siste landskamp 15. januar 1969. Til saman skåra han 18 mål for England, fire av dei då England hausten 1964 slo heimelaget USA 10-0 i ein vennskapskamp.

Kjelder

eu-football Denne artikkelen bygger på «Roger Hunt» frå , den 30. juli 2016.

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Bolton-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1962 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1966 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1968 Kategori:Order of the British Empire