cdparanoia er ein CD-rippar for Linux og UNIX, som er laga for å overføra data så feilfritt som muleg frå CD til ei lydfil. cdparanoia er i stand til å kompensera for feiljusterte CD-lesarar. Det er støtte for lydfilformata Wave, AIFF, AIFF-C og raw.

cdparanoia starta som ein modifikasjon av cdda2wav, i 1994, men utvikla seg snart til eit eige prosjekt. Versjon III kom ut i 1998. Programmet er svært minimalistisk, men det finst fleire grafiske overbygg, som til dømes XCFA, som gjer det lettare å nytta. Slike overbygg legg som oftast òg til meir funksjonalitet, som støtte for fleire filformat.

Kjelder

Kategori:Digital lyd