Pat Lewis () er ein amerikansk soulsongar og korvokalist som byrja opptre i 1960-åra.

Tidleg i 1960-åra danna ho, systera Dianne og to vener (Betty og Jackie Winston) gruppa The Adorables, som spelte inn ei plate før dei byrja å syngje korvokal for Golden World Records. Lewis debuterte som soloartist i 1966 med «Can't Shake It Loose». Ho møtte den faste korgruppa til Motown Records, The Andantes, og ein dag då ei av jentene ikkje kunne møte opp for Stevie Wonder si innspeling av «Up-Tight», gjekk Lewis inn og gjorde det så bra at ho fekk fleire innspelinga for Motown. Ho fekk kontrakt med Solid Hit Bound Records og gav ut ei rekkje singlar, som «Look At What I Almost Missed», «Warning», «No One to Love», «No Baby No» og «The Loser». Frå seint i 1960-åra vart ho fast korsongar for Aretha Franklin, Isaac Hayes og seinare George Clinton. Ho skreiv fleire songar for Isaac Hayes.

Album Separation (Motorcity, 1991) The Best of Pat Lewis (Motorcity, 1996) This Is Gospel (103rd Street Gospel Choir with Pat Lewis - 2CD - K-Tel, 2000) A Gospel Christmas (K-Tel, 2000)

Singlar «Can't Shake It Loose» (1966) «Look at What I Almost Missed» (1966) «Warning» (1967) «No One to Love» (1967) «No Baby No» (1967) «The Loser» (1967) «Separation» (1991) «No Right Turn» (1991)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pat Lewis» frå , den 16. august 2016.

Bakgrunnsstoff http://faac.us/adf/messages/150056/151932.html?1187708936 http://rateyourmusic.com/artist/pat_lewis http://www.myspace.com/theoneandonlypatlewis

Kategori:Folk frå Johnstown i Pennsylvania Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske songarar