Chef Aid: The South Park Album er eit filmmusikkalbum frå 1998 med musikk frå den amerikanske animasjonsserien South Park. Fleire kjende artistar spelar på plata, som hovudsakleg vart produsert av Rick Rubin. Chef Aid inneheld fleire songar frå og inspirert av showet, medan andre songar ikkje var blitt nytta i serien i det heile. Allbumet kom ut under den andre sesongen av serien, kort tid etter sendinga av episoden «Chef Aid», der mange av stjernene og songane på plata var med. Soulsongaren Isaac Hayes deltok som figuren Chef gjennom albumet, som etterliknar ein konsert.
Chef Aid: The South Park Album kom ut med to forskjellige omslag og i tre forskjellige versjonar - «Clean», «Explicit» og «Extreme». Explicit-versjonen inneheld bannord (som «fuck») og har eit Parental Advisory-merke, men er framleis sensurert. Den ekstreme versjonen er heilt usensurert.
Songar og konsept Det er fleirse slags songar på Chef Aid: The South Park Album. Dette er songar som er med i serien, og sungen av karakterar frå serien eller forskjellige artistar. Andre songar var inspirert av serien, medan andre songar ikkje var knytte til serien.
Mange av songane som var nytta i South Park var skrivne ein av skaparane av serien, Trey Parker, og er lengre versjonar av songane som var nytta i serien. Ein god del av desse, som «Chocolate Salty Balls», er sungen av soulsongaren Isaac Hayes i rolla som Chef, kafeteriaarbeidaren som ofte bryt ut i soulsongar i serien. Andre rollefigurar som er med på plata er hovudpersonane Stan, Kyle, Cartman og Kenny, i tillegg til Ned Gerblansky. Som i showet er Trey Parker og Matt Stone stemma til desse figurane.
Albumet er presentert som ein konsert. Chef syng dei fleste originale songane frå showet, og somme linjer på andre songar, i tillegg til at han er annonsør mellom songane.
Innhald
Singlar «Chocolate Salty Balls (P.S. I Love You)» CD1 «Chocolate Salty Balls (P.S. I Love You)» – framført av Chef «Oh Holy Night» (Snippet) – framført av Eric Cartman «Oh Little Town Of Bethlehem» (Snippet) – framført av Ned Gerblanksy
CD2 «Chocolate Salty Balls (P.S. I Love You)» – framført av Chef «Come Sail Away» – framført av Eric Cartman «Mentally Dull» (Think Tank Remix) – framført av Vitro «Kenny's Dead» «Kenny's Dead» – framført av Master P «Come Sail Away» – framført av Eric Cartman «Tonight Is Right For Love» – framført av Chef and Meat Loaf «Simultaneous» CD1 «Simultaneous» – framført av Chef «Kyle's Mom's A Big Fat Bitch» (In D Minor) – framført av Eric Cartman
CD2 «Simultaneous» – framført av Chef «Cheesy Poofs» (Theme) – framført av Eric Cartman «Come Sail Away» – framført av Eric Cartman «My Best Friends» (Snippet) – framført av Eric Cartman «Stinky Britches» (Snippet) – framført av Chef «Bubblegoose» «Bubblegoose» (Remix) – framført av Wyclef Jean, Cartman, Kenny, Stan & Kyle «Come Sail Away» – framført av Eric Cartman «No Substitute» – framført av Chef «Nowhere To Run» «Nowhere To Run» (Vapour Trail) – framført av Ozzy Osbourne & DMX «Will They Die 4 You?» – framført av P Diddy & Lil' Kim & System Of A Down
Lister Liste (1998)PlasseringAustralia 1Canada 14US Billboard 200 14
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chef Aid: The South Park Album» frå , den 19. august 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Album produserte av Rick Rubin Kategori:Filmmusikkalbum frå 1998 Kategori:Samlealbum frå 1998 Kategori:Columbia Records-album