Bo Ericson () var ein svensk friidrettsutøvar frå Göteborg som vart europameister i sleggjekast i 1946.
mini|venstre|Bo Ericson
Aktiv Ericson sette svensk rekord i sleggjekast med 56,66 meter den 14. september 1941. Same året vann det fyrste av fem rake svenske meisterstitlar i greina. Den 22. august 1946 vann han sleggjetevlinga under friidretts-EM på Bislett stadion i Oslo med eit bestekast på 56,44 m.
6. august 1947 forbetra Ericson den svenske rekorden til 57,19 m, ein rekord som stod i ni år. Same sesong byrja han på ein ny fem år lang sigerrekke i den svenske friidrettsmeisterskapen. Han deltok i Sommar-OL 1948 i London, der han enda på sjettplassen etter å ha kasta 52,98 m. I 1953 vann han si siste SM-medalje i sleggjekasting og stod att med 10 nasjonale gull, to sølv og tre bronsar.
Ericson døydde 61 år gammal i Karlstad.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bo Ericson (friidrottare)» frå , den 22. august 2016.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Svenske sleggekastarar Kategori:Europameistrar i sleggekast Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948