Anne-Marie Colchen, gift Maillet, () var ein fransk friidrettsutøvar og basketballspelar frå Le Havre.

Aktiv Friidrett Colchen vann to medaljar under EM i friidrett 1946 i Oslo. Opningsdagen vann ho høgdetevlinga ettersom ho var den einaste som tok seg over 1,60 meter, fem andre kvinner enda med 1,57 i resultatprotokollen. Siste meisterskapsdagen fekk ho og lagkameratane sølv i 4 x 100 meter stafett, klart slått av det sterke nederlandske laget.

Under dei olympiske leikane i London i 1948 stopp Colchen på 1,40 m i høgdehopp og vart nummer 14. To år seinare kom ho på sjetteplass då ho klarde 1,50 m ved friidretts-EM 1950 i Brussel.

mini|venstre|Anne-Marie Colchen bak til venstre (7), saman med det franske basketballandslaget i 1953 Basketball Frå 1946 til 1956 spelte Colchen 63 landskampar for Frankrike i basketball. Ho var med i samtlege fire europameisterskapane i tida 1950-56. Høgdepunktet var då Frankrike tok bronse i den aller fyrste verdsmeisterskapen i basketball i Chile i 1953, der USA vann framom vertslandet.

Kjelder World Athletics Denne artikkelen bygger på «Anne-Marie Colchen» frå , den 22. august 2016.

Kategori:Franske høgdehopparar Kategori:Korgballspelarar Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948