«The Trooper» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han vart gjeven ut 20. juni 1983 som den andre singelen frå albumet Piece of Mind (1983). Det var ein av få songar av bandet som vart mykje spelt på radio i USA, og nådde 28. plassen på US Mainstream Rock-lista. Han vart òg ein suksess i Storbritannia der han nådde 12. plassen på UK Singles Charts, der han vart teken betre i mot enn den førre singelen, «Flight of Icarus».

Eit konsertopptak av songen frå Death on the Road, vart gjeve ut på singel i 2005.

Oversyn mini|venstre|Bruce Dickinson framfører songen. Songen var skriven av bassisten Steve Harris og er basert på Charge of the Light Brigade i slaget ved Balaclava 1854, som fann stad under Krimkrigen, og inspirerte til Lord Tennyson-diktet med same namn. Songen har blitt mykje lovprisa sidan han kom ut, og AllMusic har skildra han som «ein sjangerklassikar som med eit av dei mest minnerike gitarriffa til gitaristane Dave Murray og Adrian Smith, i tillegg til den kjende, galopperande rytmen,» medan Mick Wall skreiv at songen «er den songen flest Maiden-fans frå dei dagane hugsar når du nemner albumet Piece of Mind». Trass i populariteten til songen, var det B-sida ein versjon av Jethro Tull-songen «Cross-Eyed Mary», som vart mest spelt på amerikansk radio.

Musikkvideoen til singelen syner klipp frå eit kavalerislag frå filmen The Charge of the Light Brigade frå 1936, med Errol Flynn og Olivia de Havilland, som BBC nekta å spele uredigert, sidan dei rekna klippa som for valdelege. Mangeren til bandet, Rod Smallwood, har sidan kritisert avgjersla og sa «Var det nokon som trudde me ville drepe hestane sjølv i staden for å bruke ein gammal Errol Flynn-film».

Songen vart ofte spelt på konsertane deira, og vokalisten Bruce Dickinson har aldri vifta med det britiske flagget under framførigna, og ofte hatt på seg ein raud uniform, som soldatane hadde på seg under slaget som songen er basert på. Under ein konsert i Dublin i 2003 bua det irske publikum då Dickinson vifta med flagget.

Den 15. august 2005 vart eit konsertopptak av songen gjeve ut frå det komande konsertalbumet Death on the Road.

Den 24. april 2016, under dei første konsertane deira i Beijing i Kina brukte ikkje Bruce Dickinson flagget under framføringa av songen, men gjorde det to dagar seinare i Shanghai i Kina.

I populærkulturen Songen finst på fleire hyllestalbum til Iron Mainde, som A Call To Irons: A Tribute To Iron Maiden, Numbers from the Beast, A Tribute to the Beast og Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden, i tillegg til på plater av hyllestband som Maiden uniteD (Mind the Acoustic Pieces) og The Iron Maidens (The Iron Maidens: World's Only Female Tribute to Iron Maiden). I tillegg vart songen gjeven ut av Sentenced på The Trooper-EPen (1994), Hellsongs på Hymns in the Key of 666 (2008), Thumper på Metalliska, Highland Glory som bonusspor på Forever Endeavour (2005), Radio Cult på Grooves From The Grave (2008), Stryper på The Covering, Iced Earth på turnéutgåva av albumet Dystopia i 2011, og 2Cellos i 2015 på albumet Celloverse.

Songen er blitt nytta i videospela Guitar Hero 2, Carmageddon 2, Guitar Hero: Smash Hits og Rock Band, og er nemnt i romanen World War Z av Max Brooks. Songen er i kjenningsmelodi for dokumentarserien Metal Evolution.

Innhald 1983 7" & 12" britiske singel

Utvida CD frå 2005

2005 7" blå vinyl

2005 12" biletplate

Medverkande Frå singelomslaget:

Iron Maiden Bruce Dickinson – solovokal Dave Murray – gitar Adrian Smith – gitar Steve Harris – bassgitar Nicko McBrain – trommer

Produksjon Martin Birch – produsent, lydteknikar Derek Riggs – illustrasjon på omslaget

Lister

Singel Liste (1983) Plassering\ Album «The Trooper» Irish Singles Chart 12Piece of Mind UK Singles Chart 12 Singel Liste (1990) Plassering Album «Flight of Icarus / The Trooper» UK Albums ChartNyutgjeving av begge singlane frå plateboksen The First Ten Years. Var lengre enn tidsgrensa for UK Singles chart. 7— Singel Liste (2005) Plassering Album «The Trooper» (live) Canadian Singles Chart 5 Death on the Road Den danske Tracklisten 7 Den finske singellista 5 Den franske singellista 100 Irish Singles Chart 16 Den italienske singellista 8 Den spanske singellista 1 Sverigetopplistan 5 Den sveitsiske singellista 61 UK Singles Chart 5 Singel Liste (2006) Plassering Album «The Troopers» (live) Den spanske singellista 10 Death on the Road

Fotnotar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Trooper» frå , den 24. august 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Songar frå 1983 Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:Singlar frå 2005 Kategori:Songar om militæret Kategori:Songar skrivne av Steve Harris