Aarne Adrian Ervi, fram til 1935 Elers, () var ein av dei mest framståande finske arkitektane etter andre verdskrigen.

Ervi fullførte arkitekturstudia sine ved Tekniska högskolan i Helsingfors i 1935. Han arbeidde ei tid saman med Alvar Aalto og Toivo Paatela før han starta sitt eige arkitektkontor i 1938. Dei meste framståande arbeida sine gjorde Ervi under attreisinga på 1940-talet og seinare på 1950-talet då bygningsindustrien ekspanderte. Ervi var ein av dei første til å ta i bruk betongelement, noko han gjorde i 1949 då han teikna Helsingfors universitet si Porthania-bygning.

Under attreisingstida teikna Ervi vasskraftverk og personalbustader for Oulujoki Oy. Det største av desse prosjekta var Pyhäkoski kraftverk med eit nærliggande bustadsområde. Ervi er kanskje mest kjend for reguleringsplanen til bydelen Hagalund i Esbo. Han vann konkurransen med forslaget sitt «Don Hertzens by». Forutan reguleringsplanen er fleire bygningar som til sentraltårnet, symjehallen og kjøpesentret teikna av Ervi.

Aarne Ervi var i det andre ekteskapet sitt gift med skodespelaren Rauni Luoma. Dei budde i Villa Ervi på Granö utanfor Helsingfors.

Arbeid av Aarne Ervi

Oulujoki Oy 1942–1951 – Pyhäkoski kraftverk med Leppiniemi bustadsområde i Muhos kommune 1946–1950 – Jylhämä kraftverk med bustadsområdei Vaala kommune 1946–1950 – Nuojua kraftverk med bustadsområde i Vaala 1949–1954 – Pälli kraftverk med bustadsområde i Muhos 1951 – Montta kraftverk i Muhos

Hagalund 1954 – Reguleringsplan for Hagalund 1959–1961 – Kjøpesenter 1961 – Sentraltårnet 1962 – Sentralbassenget 1965 – Hagalunds symjehall

Andre arbeid 1956–1959 – Åbo universitet 1957 – Helsingfors universitet si Porthania-bygning 1952 – Restaurant Keilaranta 1961 – Messukylä gymnas 1962 – Nordea sitt Uleåborgskontor 1967 – Rådhuset i Kemi, utviding 1970 – Tölö bibliotek i Helsingfors

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aarne Ervi» frå , den 17. september 2016.

Bakgrunnsstoff Aarne Ervi i Biografiskt lexikon för Finland

Kategori:Finske arkitektar Kategori:Folk frå Forssa