ARA «San Juan» (S-42) var ein dieselelektrisk undervassbåt i teneste i den argentinske marinen. Båten tilhøyrer TR-1700-klassa, Han vart bygd av Thyssen Nordseewerke og vart ferdig 19. november 1985.

Midtlivsoppgradering vart gjord i Argentina mellom 2008 og 2013. Oppgraderinga kosta ca. 100 millionar peso og utgjorde meir enn 500 000 arbeidstimar der båten vart delt i to og fekk sine fire MTU-motorar og batteri erstatta.

15. november 2017 vart båten meldt sakna av Armada Argentina. 23. november 2017, ved ei direkte ordre frå presidenten i Russland Vladimir Putin, vart «Jantar» og spesialistar frå 328. søk og redningsekspedisjon sende til Argentinakysten for å søkja etter den argentinske ubåten ARA «San Juan». Dei fann ikkje ubåten. Seinare vart det norske fartøyet M/S Seabed Constructor send til Argentinakysten for å leite etter den Argentinske ubåten, og den 16. november 2018 var ubåten funnen. «Seabed Constructor» hadde med seg fem undervannsrobotar av typen Hugin AUV frå Kongsberg Maritime i Horten som dei brukte til å søkje gjennom havbotnen med. Ubåten låg utanfor Valdes-halvøya på 800 meters djupn.

Sjå òg Liste over ubåt-hendingar sidan 2000

Referansar

Denne artikkelen bygger på «ARA «San Juan» (S-42)» frå , den 3. februar 2018.

Kategori:Argentinske marinefartøy Kategori:Den argentinske marinen Kategori:Ubåtar