Merry Christmas, Baby er det første albumet med julemusikk av Rod Stewart, gjeve ut den 30. oktober 2012. Albumet vart ein suksess på topp 10 i mange land, inkludert Storbritannia, USA, Canada og Australia. Det selde til platinplate i USA i november 2012 med over éin million selde eksemplar.

Alle songane var produserte av David Foster utanom «Auld Lang Syne» som var produsert av Rod Stewart og Kevin Savigar.

Merry Christmas, Baby fekk blanda kritikk blant kritikarane. På Metacritic, som gjev ein normalisert rating opp til 100 basert på andre meldingar, har albumet ein score på 53, som indikerer «middels mottaking».

Innan 2012 hadde albumet seld 2,6 millionar eksemplar verda over, det sjuande mestselde albumet det året.https://web.archive.org/web/20130409080309/http://www.aria.com.au/documents/RIN2013.pdf

Innhald

Salslister og salstrofé

Vekeslister Liste (2012)Plassering

Årslister Liste (2012)PlasseringDen australske albumlista20Den nederlandske albumlista96Den svenske albumlista16UK Albums Chart14 US Billboard 200170

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Merry Christmas, Baby (Rod Stewart album)» frå , den 7. juni 2018.

Kategori:Rod Stewart-album Kategori:Musikkalbum frå 2012 Kategori:Album produserte av David Foster Kategori:Britiske julemusikkalbum Kategori:Verve Records-album