Wish You Were Here er det sjette albumet til rockebandet Badfinger og det tredje på rad som vart produsert av Chris Thomas. Det vart spelt inn våren 1974 på Caribou Ranch i Colorado og gjeve ut i november det året på Warner Bros. Records. Wish You Were Here var det andre og siste albumet bandet gav ut på Warner.
Historie Sjølv om albumet fekk god kritikk då det kom ut i magasinet Rolling Stone, vart det trekt frå platebutikkane tidleg i 1975, sju veker etter det kom ut, på grunn av eit søksmål mellom Warner og leiinga til Badfinger. Den korte tida albumet var på marknaden gjorde at det selde dårleg og har gjort den originale LP-utgåva relativt sjeldan.
Før det vart kalla attende klarte Wish You Were Here å nå 148. plassen på albumlista i USA. I 1990-åra vart det gjeve ut på CD i Japan og Tyskland. Albumet vart til slutt gjeve ut på CD i USA i 2007. Mange av songane har vore med på samleplater av Badfinger.
Etter at Wish You Were Here var ferdig innspelt, valde Pete Ham å slutte i Badfinger. Han vart erstatta av klaverspelaren og gitaristen Bob Jackson. Men etter at Warner indikerte at dei ville kansellere kontrakten med bandet om Ham slutta, gjekk han med på å kome attende, og Badfinger fortsette å turnere som eit femmannsband. Etter turneen slutta gitaristen Joey Molland i bandet.
Det neste Badfinger-albumet var Molland–Evans-albumet Airwaves i 1979. Ham, Evans, Gibbins og Jackson spelte inn eit album kalla Head First i desember 1974, før Pete Ham hengde seg i april 1975. Det sistnemnde albumet var det sjuande og siste for den originale kjernen i bandet, Ham–Evans–Gibbins, som hadde halde i lag sidan slutten av 1960-åra, då gruppa var kjend som The Iveys. Head First kom ikkje ut før i 2000 på grunn av fleire rettstvistar mellom Warner Bros. og leiinga i Badfinger.
Innhald
Medverkande Pete Ham – vokal, gitar, klaverinstrument Joey Molland – vokal, gitar Mike Gibbins – trommer, klaverinstrument, solovokal på «In the Meantime» Tom Evans – vokal, bass
Andre medverkande Average White Horns – blåsarar på «Just a Chance» og «Should I Smoke» Mika Kato – japanske ord på «Know One Knows» (ikkje oppført)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wish You Were Here av Badfinger» frå , den 11. juni 2018. oppgav desse kjeldene: Dan Matovina, Without You: The Tragic Story Of Badfinger.
Kategori:Badfinger-album Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Album produserte av Chris Thomas Kategori:Warner Bros. Records-album