Boogie with Canned Heat er det andre studioalbumet til Canned Heat, gjeve ut i 1968. I motsetnad til debutplata inneheld denne plata hovudsakleg originale songar. Albumet inneheld hitten «On the Road Again», ein av dei mest kjende songane deira. «Amphetamine Annie» er ei åtvaring mot farane ved å bruke amfetamin, og vart ein del spelt på radio. «Fried Hockey Boogie» var det første dømet på ein av boogie-songane til Canned Heat.
Då albumet kom ut på CD i 2005, kom det med seks bonusspor. I 2012 vart albumet nymastra og gjeve ut på CD av Iconoclassics Records, igjen med seks bonusspor.
Innhald
Medverkande Canned Heat Bob Hite – vokal Alan Wilson – slidegitar, vokal, munnspel Henry Vestine – sologitar Larry Taylor – bass Adolfo de la Parra – trommer
Andre musikarar Dr. John – blåsearrangement, piano Sunnyland Slim – piano på «Turpentine Moan»
Produksjon Dino Lappas – lydteknikar Dallas Smith – produsent
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Boogie with Canned Heat» frå , den 26. august 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1968 Kategori:Canned Heat-album Kategori:Liberty Records-album