Siegfried Wentz () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Vest-Tyskland. Han tevla i tikamp og vann bronsemedaljen i VM 1983, Sommar-OL 1984 og EM 1986, i 1987 tok han VM-sølv i Roma.

Aktiv Wentz fullførte den 5. juni 1983 i Filderstadt sitt livs beste tikamp. Her plukka han i alt 8 762 poeng, einast to mann hadde betre poengsum å vise til. Under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i Helsinki i august månad vart han nummer tre i tikampen, bak dei to verdstoppane Daley Thompson og Jürgen Hingsen. Også i Sommar-OL 1984 i Los Angeles enda Wentz på bronseplass, Thompson og Hingsen på ny nummer 1 og 2.

Under europameisterskapen 1986 i Stuttgart presterte Wentz si beste tikampserie i ein internasjonal meisterskap. Med 8 676 poeng hamna han enno ein gong på tredjeplassen, atter bak Thompson og Hingsen. I VM 1987 i Roma vann Wentz sølvmedaljen, overgått av vinnaren Torsten Voss med meir enn 200 poeng.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1982 i Aten: Nr 20 – 7 284 poeng VM 1983 i Helsinki: Bronsemedalje – 8 478 poeng OL 1984 i Los Angeles: Bronsemedalje – 8 412 poeng EM 1986 i Stuttgart: Bronsemedalje – 8 676 poeng VM 1987 i Roma: Sølvmedalje – 8 461 poeng, Torsten Voss (8 680 poeng) EM 1990 i Split: Nr 12 – 7 810 poeng

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Siegfried Wentz» frå , den 2. september 2019. World Athletics

Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Vest-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984