Air Cut er det fjerde studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Curved Air, innspelt og utgjeve i 1973 etter at tre av dei opphavlege medlemmane i bandet slutta. Berre Sonja Kristina og Mike Wedgwood var att frå det førre albumet deira og Air Cut tok dei slik sett i ein meir rockeprega retning.

Mottaking

AllMusic gav ein varm omtale av sporet «Metamorphosis», men var elles lunken til resten av albumet, og skreiv at dei fleste songane var streite rockesongar og «synte ei gruppe som prøvde å nå ut til eit vidare publikum utan å overbevise om at dette var det rette å gjere.» Dei konkluderte med at det mest interessante med Air Cut var at det var debuten til Eddie Jobson.

Innhald

Side to

Medverkande Curved Air Sonja Kristina – solo- (1-4, 6, 8) og korvokal (7), akustisk gitar (2) Eddie Jobson – elektrisk fiolin, korvokal (6), VCS3 synthesizer, mellotron, piano, orgel, cembalo (2) Kirby Gregory – elektrisk gitar, bass, korvokal Mike Wedgwood – bass (alle utanom 4) og akustisk gitar (4), korvokal, solovokal (7, 8) Jim Russell – trommer

Teknisk Design av Modula Illustrasjonar baserte på ei teikning av Ian Fink Lydteknikar – Paul «The Rock» Hardiman Fotografi – Mal Linwood-Ross & Mike Putland

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Air Cut» frå , den 10. april 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Curved Air-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Album produserte av Martin Rushent Kategori:Warner Bros. Records-album