David Clayton-Thomas () er ein kanadisk musikar, songar og låtskrivar, mest kjend som solovokalist i det amerikanske bandet Blood, Sweat & Tears. Clayton-Thomas har blitt innlemma i Canadian Music Hall of Fame og i 2007 vart songen hans «Spinning Wheel» innlemma i Canadian Songwriter's Hall of Fame. I 2010 fekk Clayton-Thomas ei stjerne på Canada's Walk of Fame.
Clayton-Thomas byrja musikkarrieren sin tidleg i 1960-åra og arbeidde på klubbar i Yonge Street i Toronto. Før han flytta til New York City i 1967, var Clayton-Thomas frontmann i dei lokale banda The Shays og The Bossmen, eit av dei første rockebanda med eit element av jazz. Men den verkelege suksessen fekk han først nokre år seinare då han vart med i Blood, Sweat & Tears.
Det første albumet til Clayton-Thomas med bandet, Blood, Sweat & Tears kom ut i desember 1968 og selde ti millionar eskemplar verda over. Albumet låg sju veker på toppen av den amerikanske Billboard-lista og låg inne på lista i 109 veker. Det vann òg prisen for årets album i USA, og Grammyprisen for beste mannlege vokalist. Det inneheldt tre hitsinglar, «You've Made Me So Very Happy», «Spinning Wheel» og «And When I Die», som kvar nådde andreplassen på singellista i USA.
Med Clayton-Thomas som frontmann i bandet, fortsette BS&T med ei rekkje hitalbum, som Blood, Sweat & Tears 3 med Carole King sin «Hi-De-Ho» og Clayton-Thomas sin «Lucretia MacEvil», og Blood, Sweat & Tears 4, som inneheld nok ein Clayton-Thomas-skriven hitsingel, «Go Down Gamblin'» og «Lisa Listen to Me».
I 1972 gav Clayton-Thomas ut det første soloalbumet sitt etter BS&T, berre kalla «David Clayton Thomas». I 1973 kom det andre soloalbumet hans, Tequila Sunrise og i 1974 Harmony Junction. I 1975 kom Thomas attende som frontmann i Blood Sweat & Tears for albuma New City og More Than Ever i 1976. I 1977 gav dei ut Brand New Day, før Thomas i 1978 gav ut eit nytt soloalbum, berre kalla Clayton. I 1980 gav BS&T ut albumet Nuclear Blues med Thomas. I 2004 drog Clayton-Thomas frå New York til Toronto og skipa sitt eige ti mann store band. Sidan då har han turnert og spelt inn fleire album under sitt eige namn.
Diskografi
Album År Tittel Plateselskap 1969 David Clayton-Thomas! Decca 1972 David Clayton-Thomas Repertoire 1972 Tequila Sunrise Columbia 1973 Harmony Junction RCA 1977 Clayton ABC Music 1998 Blue Plate Special Stony Plain 1999 Bloodlines DCT 2001 The Christmas Album Fontana North / Maplecore 2005 Aurora Justin Time 2006 In Concert: A Musical Biography Justin Time 2007 The Evergreens Fontana North / Maplecore 2009 Spectrum 2010 Soul Ballads Fuel 2013 A Blues for the New World Antoinette 2015 Combo Audio & Video Labs, Inc. 2016 Canadiana Antoinette / Ils / Universal 2018 Mobius Ils
Singlar «Walk That Walk», 3. plassen i Canada. «Brainwashed», 11. plassen i Canada.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «David Clayton-Thomas» frå , den 10. mai 2020. oppgav desse kjeldene: Clayton-Thomas, David (June 2010). Blood, Sweat and Tears. Penguin Canada. Davis, Clive (Desember 1975). Clive: Inside the Record Business. Ballantine Books. LeBlanc, Larry: David Clayton-Thomas (artist biography) <http://davidclaytonthomas.com/> (with CD of uniussed music)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «David Clayton-Thomas» frå , den 10. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kanadiske gitaristar Kategori:Kanadiske songarar Kategori:Canadian Music Hall of Fame Kategori:Kanadiske rockesongarar Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Engelske songarar Kategori:Juno-vinnarar Kategori:Musikarar frå Toronto Kategori:Blood, Sweat & Tears-medlemmar Kategori:Jon and Lee & the Checkmates-medlemmar