Lise Davidsen () er ein norsk operasongar. Ho er frå tidlegare Stokke kommune i Vestfold.

Utdanning Davidsen har ein bachelor-grad frå Griegakademiet i Bergen. Deretter studerte ho hjå Susanna Eken ved Det Kongelige Operaakademi i København. I avgangsåret 2014 var ho ein av solistane ved Konserten til det Kongelege Danske Musikkonservatorium med Berlinfilharmonien.

Kunstnarisk virke På ein konsert i Oslo Konserthus 8. februar 2018 mottok Davidsen Sibeliusprisen for 2018 frå Sibelius-selskapet i Noreg. Sibeliusselskapet skreiv i samband med utdelinga at dei ønska å gje prisen for 2018 til «en representant for den yngre garden av fremadstormende musikere i Norge.»

Prisar og utmerkingar I 2017 blei Davidsen nominert til Nordisk råds musikkpris, som ein av to kandidatar frå Noreg.

Davidsen har elles vunne ei rekkje prisar og songkonkurransar i inn- og utland:

2015: Førsteprisen i Dronning Sonjas Internasjonale Musikkonkurranse 2015: Førsteprisen, publikumsprisen og Birgit Nilsson-prisen i Operalia, Plácido Domingos internasjonale konkurranse for operasangere i London 2015: Andreprisen, publikumsprisen og den internasjonale medieprisen i konkurransen Der Internationale Hans Gabor Belvedere Gesangswettbewerb (Belvederekonkurransen) i Wien. 2015: Kirsten Flagstads pris 2014: Mottakar av stipend fra Léonie Sonnings Musikfond 2018: Sibeliusprisen, utdelt 8. februar 2018 2018: Gramophone Magazine Award: Young Artist of the Year 2019: Nominert til Spellemannprisen 2018 i klassen årets gjennombrudd & Gramo-stipend

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Lise Davidsen» frå , den 29. juni 2020.

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad

Kategori:Folk frå Sandefjord Kategori:Norske operasongarar