Resident Evil Village er eit survival horror-spel utvikla og utgjeve av Capcom. Det er oppfølgjaren til Resident Evil 7: Biohazard frå 2017 og spelaren kontrollerer Ethan Winters som leiter etter den kidnappa dottera si. Etter eit lagnadstungt møte med Chris Redfield, endar Winters opp i ein landsby fylt av muterte skapningar. Medan Village held survival horror-elementa frå tidlegare Resident Evil-spel ved lag, innfører spelet fleire action-orienterte spelemekanikkar samanlikna med føregangaren.
Resident Evil: Village inkluderer òg ein online fleirspelarmodus. Spelet vart annonsert under PlayStation 5-avdukinga i juni 2020 og vart utgjeve 7. mai 2021 til Windows, PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One og Xbox Series X/S. Det fekk generelt positiv mottaking for spelemekanikkane, settinga og variasjonen, men kritikk for gåtene og bosskampane. Det større fokuset på action samanlikna med føregangaren fekk blanda motakking.
Merknader
Bakgrunnsstoff
Kategori:Dataspel frå 2021 Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:PlayStation 5-spel Kategori:Resident Evil Kategori:Skrekkspel Kategori:Windows-spel Kategori:Xbox One-spel Kategori:Xbox Series X/S-spel