Jonathan Grant Evans, kjend som Jonny Evans, () er ein britisk-nordirsk fotballspelar frå Belfast, som sidan 2018 har gjort teneste i Leicester City. Han er midtstoppar og har per 1.4.2022 delteke i 94 av Nord-Irland sine landskampar sidan landslagsdebuten hausten 2006.

Klubbspel Evans var knytt til Manchester United frå unge år. Hausten 2006 var han utlånt til belgiske Royal Antwerp, frå vinteren 2007 til våren 2008 gjorde han for det meste teneste i Sunderland AFC. Evans fekk sin ligadebut i Manchester United-drakt 21. september 2008. Dei neste sju sesongane tok han plass i midtforsvaret både jamnt og ujamnt, flest ligakampar deltok han i i 2011/12-sesongen. Både i 2009 og 2011 var han med om å vinne ligacupfinalen, dessutan fekk han med seg tre triumfar i Premier League før han i august 2015 vart overført til West Bromwich Albion. Her var Evans fast i fyrsteellevaren i tre år, ein periode som enda med nedrykk til nivå 2. Sommaren 2018 skreiv han kontrakt med Leicester City. 15. mai 2021 sikra han og eit historisk Leicester-mannskap klubbens fyrste FA-pokal.

Landslagsspel Evans landslagsdebuterte 6. september 2006, då Nord-Irland på heimebane slo Spania 3 – 2 i EM-kvalifiseringskamp. Han spelte alle fire kampane då Nord-Irland deltok i Fotball-EM 2016 i Frankrike, ei turnering der laget rauk ut etter tap 0–1 mot Wales. I april 2022 står han bokført med 94 landskampar og 4 landslagsmål.

Merittar Engelsk ligameister: 2009, 2011, 2013 for Manchester United Vinnar av den engelske ligacupen: 2009 og 2011 for Manchester United Vinnar av FA-cupen: 2021 for Leicester City

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jonny Evans» frå , den 19. april 2022.

eu-football

Kategori:Nordirske fotballspelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Leicester-spelarar Kategori:West Bromwich-spelarar Kategori:Sunderland-spelarar Kategori:Royal Antwerp-spelarar