Katarina Howard (fødd ca. 1523, død ), på engelsk òg kalla Catherine Howard, var den femte kona til kong Henrik VIII av England. Dei var gifte med kvarandre i tidsrommet 1540–1542. Katarina er òg kjend ved det tilnamnet kongen gav henne, som «rosa utan tornar». Ho var fødd i Norfolk House, ein stad 6 km unna London. Katarina var dotter av lord Edmund Howard, ein fattig yngre son av Thomas Howard, 2. hertug av Norfolk, og såleis bror av den mektige Thomas Howard, 3. hertug av Norfolk. Katarina vart gift med Henrik VIII den 28. juli 1540 ved Oatlands Palace i Surrey, nesten straks etter at ekteskapet hans med Anna av Kleve hadde vorte erklært ugyldig. Likevel viste det seg at den seksuelle fortida til Katarina og det ekteskapelege livet hennar ikkje var så kyskt og tru. Ho vart halshoggen etter mindre enn to års ekteskap med grunngivinga høgforræderi.
Ry og fall
Første år Katarina Howard var det tiande barnet til lord Edmund Howard og Joyce (Jocasta) Culpepper. Dei eldre søskena hennar (ikkje i kronologisk rekkjefølgje) var Ralph, George, Henry, Charles, Mary, Thomas, Isabel, Joyce og Margaret.
Det er ikkje kjend kva tid ho vart fødd, men ein har rekna det til å ha vore ein gong mellom 1520 og 1525. Sannsynlegvis var ho fødd i 1521. Ho var niese av Thomas Howard, 3. hertug av Norfolk, og kusinene hennar var den andre kona til Henrik VIII, dronning Anne Boleyn, og systera hennar Mary Boleyn. Sistnemnde hadde òg vore ei elskarinne av Henrik VIII.
Familien til Katarina hadde derfor ei aristokratisk stamtavle. Men faren var av dei yngste sønene av foreldra sine, hadde dårleg økonomi, og måtte ofte tigga om almisser frå dei meir velståande slektningane sine. Niesa hans Anne Boleyn skaffa han ei stilling i styringsverket til kongen i Calais i 1531. På dette tidspunktet vart den unge Katarina send avstad for å leva med den eldre slektningen sin Agnes Tilney, enkjehertuginne av Norfolk.
Hertuginna dreiv eit stort hushald i Lambeth Palace, og ho hadde mange tenarar og tenarinner som var med på å ta hand om mange barn av slektningane hennar. Oppassinga av barna var lausleg og tilfeldig sidan hertuginna ofte var ved hoffet og viste lita interesse for oppsedinga og utdanninga til barna.
Katarina vart dermed den av konene til Henrik VIII som var svakast utdanna. Men ho kunne lesa og skriva, i motsetning til mange av dei engelske medsøstrene sine på denne tida. Ho blir ofte beskriven som lystig og livleg, men aldri som lærd eller from. Den lause oppsedinga i det utsvevande miljøet rundt huset til hertuginna førte henne inn i eit romantisk forhold til musikklæraren sin, Henry Mannox, i 1536 då ho var mellom 11 og 13 år gammal. Då ho seinare vart dronning, vart Mannox utpeika som musikar i hushaldet hennar. Han vitna seinare i rettssaka mot henne.
Mannox og Katarina innrømde begge i løpet av rettssaka at dei hadde hadde hatt fysisk kontakt tilsvarande seksuelt forspel. «Ved Mannox' smiger og hans vakre overtalelser lét eg meg som ungjente ved ulike høve røra på hemmelege stader av kroppen min...» sa ho og la til: «Og eg innrømmer òg at eg vart gledd av forholdet hans til meg, sjølv om eg aldri vil gå med på at eg elska han, for no elskar eg Henrik».
Denne affæren vart avslutta på slutten av 1538. Då vart Katarina interessert i ein sekretær i hushaldet til hertuginna, Francis Dereham, og vart elskarinna hans. Dei kalla kvarandre for «ektemann» og «kone». Dereham gav henne òg ekteskapelege oppgåver som å ta seg av pengane hans når han var ute på forretningar. Mange av romkameratane til Katarina kjende til forholdet, men det vart tilsynelatande avslutta i 1539 då hertuginna fekk vita om det. Trass i dette kan Katarina og Dereham ha komme saman med den hensikta å bli gifte når han kom tilbake frå Irland – ei form for bindande truloving. Om det var tilfelle at dei hadde utveksla ekteskapelege løfte, var dei å rekna som gifte i auga til kyrkja, uavhengig om dette hadde vorte stadfesta seksuelt.
Ved hoffet til kongen Onkelen til Katarina Thomas Howard klarte å sikra henne ei stilling ved hoffet til Henrik VIII. Ho var ung og attraktiv, og var «lady-of-honor» for den nye tyske kona til Henrik, Anna av Kleve. Slik vart ho snart gjenstand for merksemda til kongen; han hadde vist lita interesse for dronninga. Slektningane til Katarina tvilte iblant på om ho var moden nok til å kunna handtera det å vera elskarinna til kongen, sidan ho berre hadde vore ved hoffet i nokre få månader. Men det var andre faktorar som også gjorde seg gjeldande.
Avrettinga av Anne Boleyn, på grunn av påstått utruskap og incest, hadde sett den framgangsrike Howard-familien koma tilbake til hoffet og krinsen nærast kongen. Det har òg vorte påstått at som katolsk familie, der Thomas Howard, 3. hertug av Norfolk, vart sett på som ein av leiarane for den katolske og politiske fløya, rekna familien Katarina som ein gallionsfigur for ambisjonane sine om å gjenreisa katolisismen i England. Etter kvart som interessa til kongen for den unge slektningen deira voks, voks òg innverknaden deira.
I løpet av nokre få månader ved hoffet neddynga Henrik den unge Katarina med dyrebare klede, gåver og eigedommar. Då kongen fekk ekteskapet sitt med Anna erklært ugyldig i juni 1540, byrja rykta å gå om at Katarina skulle vera gravid med sonen hans. Det vart gjennomført ein hastig bryllaupsseremoni ein månad seinare, den 28. juli 1540, noko som uttrykkjer Henriks livslange sterke ønske om å sikra Tudor-slekta ein arvtakar, ein frisk, ektefødd kongsson.
Ekteskap Kong Henrik VIII, som nærma seg 50 år og hadde auka sterkt i fysisk omfang, overauste den unge bruda si med smykke og fantastisk kostbare gåver. Krigen mot Frankrike og reformasjonen i England hadde kosta han godvilje blant folket, og han byrja å li av ei rekkje små sjukdommar. Nærværet av den unge og tilsynelatande dydige Katarina i livet hans gjorde han svært lykkeleg. Mottoet hennar, «Non autre volonte que la sienne» eller «Inkje anna ønske enn hans», reflekterte ønsket hennar om vilje å gjera Henrik, ein mann tretti år eldre enn henne, tilfreds.
Likevel, trass i rikdommen og makta hennar fann ho ekteskapet lite tiltalande. Ho var ikkje gravid då ho vart gift og vart fråstøytt av kroppen til ektemannen – han må ha vege rundt 135 kg på denne tida, og han hadde verkebyllar på maven som måtte bli tømt for væske kvar dag. Tidleg i 1541 innleidde ho eit halvhjarta forhold med Henriks favoritthoffmann, Thomas Culpeper, som ho opphavleg hadde kasta auga sine på då ho kom til hoffet to år tidlegare. Møta deira vart arrangerte av ein av Katarinas eldre hoffdamer, Jane Boleyn, vicomtesse Rochford (ca. 1505 – 1542), enkje etter George Boleyn, vicomte av Rochford, bror av Mary Boleyn og Anne Boleyn. Det er uklart om Katarina og Culpepper innleidd eit fysisk forhold, men lengda og intensiteten av forholdet deira kunne peika i den retninga.
Henrik VIII og Katarina reiste rundt i England saman på sommaren 1541, og førebuingane for kvart einaste teikn på graviditet (noko som ville bety kroning) vart gjord, noko som indikerte at ekteparet var seksuelt aktive med kvarandre. Etter kvart som Katarinas utenomekteskapelige forhold utvikla seg, byrja folk som var vitne til indiskresjonane hennar ved Lambeth Palace å kontakta henne for utnytta kunnskapen sin. For å kjøpa tausheita deira vart mange av desse gitt stillingar ved hushaldet hennar. Det mest katastrofale var at ho utpeika Henry Mannox som musikaren sin og Francis Dereham som sekretær.
Undergang På slutten av 1541 var kongeferda nord i England avslutta. Men Katarinas indiskresjonar hadde vorte alment kjent takka vera John Lascelles, ein protestantisk reformator viss søster Mary Hall var stovejente hos enkjehertuginna av Norfolk og slik hadde vorte klar over Katarinas ungdomsforhold. Alarmert av konservative katolikkar aukande innpass i dei høgare sirklane la Lascelles fram dei farlege opplysningane sine om dronninga for Thomas Cranmer, den dåverande erkebiskopen av Canterbury og ein av dei næraste rådgivarane til kongen.
Cranmer meinte at viss Katarina hadde hatt eit fysisk forhold med Dereham før ho vart dronning, ville det gjera ekteskapet med kongen ugyldig og han overrekte kongen eit brev med skuldingar mot Katarina den 2. november 1541 medan dei var til stades ved Allehelgensmessen. Kong Henrik nekta først å tru på skuldingane og meinte at brevet var ei forfalsking, og beordra Cranmer å undersøkja saka nærare. I løpet av eit par dagar vart det frembragt avgjerande bevis, mellom anna tilståingar underteikna av Dereham og Culpepper etter at dei hadde vorte torturerte i Tower of London, forutan eit kjærleiksbrev openbert skrive med Katarinas handskrift til Culpepper.
Katarina vart arrestert den 12. november. Det blir hevda at ho klarte å unnslippe frå vaktarane sine ei kort stund for å springa til kyrkja der Henrik deltok i messa. Ho banka på kyrkjedørene og skreik namnet til kongen. Til slutt vart ho arrestert av vaktene og sendt til rommet sitt i Hampton Court der ho vart låst inne, berre saman med hoffdama si Jane Boleyn. Ønsket hennar om å få møta kongen vart avvist og Cranmer avhøyrde henne. Sjølv den trauste Cranmer fann Katarinas fortvila, usammenhengende tilstand ynkeleg og sa «Eg fann henne i ei slik sorg og tungsinn som eg aldri tidlegare har opplevd av eit menneske slik at alle menn ville ha synst synd på henne». Han gav ordre til vaktene om å fjerna alle gjenstandar som kunne tenkjast å kunna bli brukt til å gjera sjølvmord.
Medan ekteskapskontrakten til ei førehand mellom Katarina og Dereham ville ha hatt den effekten å avslutta dei kongelege ekteskapa hennar, ville han òg ha tillate kongen raskt å annullera ekteskapet og forvisa henne frå hoffet. Katarina ville då ha vorte vanæra, vorte fattig og sendt i eksil, men ville ha sleppt den grimme lagnaden til Anne Boleyn. Likevel heldt ho sjølv standhaftig fast på at ein slik kontrakt aldri hadde eksistert og uttalte at Dereham hadde tvinga seg på henne.
Fengsling og død
Katarina vart ribba for sin tittel som dronning den 22. novemberen og sett i fengsel i Syon House i Middlesex i løpet av vinteren 1541. Thomas Culpepper og Francis Dereham vart avretta ved Tyburn den 10. desember 1541, den første halshoggen og den siste hengd, trekt og kvartert, den tradisjonelle straffa for forræderi. Av sedvane vart hovuda deira plasserte på toppen av London Bridge. Fleire av slektningane til Katarina vart òg fengsla i Tower of London, men ikkje onkelen hennar, den mektige Thomas Howard, 3. hertug av Norfolk, som hadde klart å skaffa seg nok avstand til skandalen. Alle dei fengsla frå Howard-familien vart stilte for retten og funne skuldige i såkalla skjult forræderi og dømt til fengsel på livstid og inndraging av eigedommane sine. Med tida vart dei likevel lauslatne og eigedommane deira gitt tilbake.
Katarina vart verande i forvaring fram til parlamentet utskreiv eit vedtak den 21. januar 1542 som gjorde det mogleg å straffa hensikta å begå forræderi med døden. Dette løyste problemet med Katarinas antekne førehandskontrakt og gjorde henne utvitydig skuldig sidan ekteskapsbrotet eller horet til ei dronning var å vurdera som høgforræderi. Ho vart frakta til Tower of London den 10. februar 1542, og dagen etter signerte kong Henrik det overståande parlamentsvedtaket og avrettinga av Katarina vart sett for klokka 7 den 13. februar.
Natta før avrettinga brukte Katarina mange timar på å øva på korleis hovudet hennar skulle kvila på blokka. Ho døydde relativt fatta, men såg bleik og forskremt ut, rimeleg nok, og bad om hjelp for å stiga opp skafottet. Ho talte om «den fortente og rettferdige straffa» og bad om nåde for familien sin og om bønn for sjela si. Dei siste orda hennar var «Eg døyr som ei dronning, men eg vil heller ha døydd som kona til Culpepper».«Letter of Queen Catherine Howard to Master Thomas Culpeper - spring 1541» . Primary Sources. Englishhistory.net.