Katerine Duska () er ein gresk-kanadisk songar og låtskrivar. Duska representerte Hellas i Eurovision Song Contest 2019 med låten «Better Love».
Biografi Duska er fødd og oppvaksen i Montréal i Canada, men bur no i Athen i Hellas.
Duska fekk sitt musikalske gjennombrot med singelen «One in a Million» og ein coverversjon av «Do I Wanna Know» av Arctic Monkeys i 2014 . Årsskiftet 2015–2016 slapp ho debutalbumet, Embodiment. Sidan då har ho samarbeidd og opptredd med artistar som LP, Albin Lee Meldau, Tom Baxter, Yasmine Hamdan, Oddisee og Kadebostany. Ho har òg opptredd på scenar, konserthus og festivalar over heile Europa, blant dei: The O2 Academy, Rockwave Festival, SNFCC, Megaron Concert Hall og Sofarsounds/Amnesty International sin internasjonale festival Give a Home.
I 2018 opptredde Duska under ein konsert i Konsertsalen i Athen, der ho framførte songar frå albumet sitt – songar komponerte av den svenske låtskriveran Albin Lee Meldau. I september 2018 heldt dei to ein konsert saman i Palace Garden i Athen. I desember 2018 heldt ho konsert saman med den greske musikaren Petros Klampanis.
I februar 2019 vedtok den greske kringkastaren ERT at Duska skulle representere Hellas i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Songen «Better Love» vart offentleggjord 6. mars 2019. Duska enda på 21. plass i finalen med 74 poeng.
Diskografi
Studioalbum TittelAlbumdetaljarHøgaste plasseringHELEmbodiment Utgjeve: 4. desember 2015 Merke: Minos EMI Format: CD, digital nedlastning—
Singlar TittelÅrHøgaste plasseringAlbumHELHEL Digital«One in a Million»2014——Embodiment«Won't Leave»2015——Embodiment«Fire Away»2018——Embodiment«Better Love»2019184ikkje kjend
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Katerine Duska» frå , den 18. november 2021.
Kategori:Folk frå Montreal Kategori:Greske songarar Kategori:Kanadiske songarar Kategori:Greske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Greske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-deltakarar