Last of Our Kind er det fjerde studioalbumet til av det britiske hardrockbandet The Darkness. Det vart produsert av gitaristen i bandet, Dan Hawkins, i studioet hans The Hawks Nest i Norfolk, og kom ut 27. mai 2015 i Japan, og seinare i andre område på Canary Dwarf Records. Albumet er det første og einaste med trommeslagaren Emily Dolan Davies, som erstatta Ed Graham i 2014 før ho slutta mindre enn eit år seinare. Frankie Poullain syng solovokal for første gongen på eit Darkness-album då han song det siste sporet «Conquerors». Albumet vart marknadsført via PledgeMusic og bandet tilbaud signerte eksemplar av albumet på både CD og vinyl, i tillegg til signerte gitarar, hanskrivne tekstark og setlister frå arkivet deira.

Innspeling og produksjon Last of Our Kind vart skrive i Irland og så produsert av gitaristen Dan Hawkins i heimestudioet hans i Leeders Farm i Norfolk. Kring femten songar vart vurderte for den endelege utgjevinga. Ti songar kom ut på standardutgåva, medan den japanske utgåva og Best Buy-utgåva inneheld to eksklusive bonusspor. Ein annan song – «Million Dollar Strong» – vart spelt på konsertane deira under ein oppvarmingsturné i Irland i mars 2015. Ei spesialutgåve av albumet kom òg ut i november 2015 med fire bonusspor.

Musikk og tekst Frontmannen Justin Hawkins har skildra albumet som «brutalt», og la til at «Det er definitivt strippa ned med unntak av somme mandolinar. Men når du gjer mellomaldersk rock, bør du ha med mandolin. Det er mellomalderrock, men det høyrest ut som The Darkness. Det er medi-urban, kanskje». Han forklarte tydinga av tekstane og sa at dei «skildrar vikinginvasjonen av Aust-Anglia, som kulminerte med halshogginga av Edmund martyren», og skildra det grunnleggjande temaet som «klassisk Darkness».

Utgjeving Den første songen som vart avslørt frå albumet var «Barbarian», som kom ut 23. februar, samstundes med at albumet vart annonsert. «Barbarian» kom ut som den første singelen frå albumet den 8. mars 2015. Det vart sett opp ei PledgeMusic-side for å marknadsføre albumet før det kom ut. Bande tla ut på ein turné i Irland i mars 2015, før utgjevinga av Last of Our Kind. Den andre singelen frå albumet, «Open Fire», hadde premiere 23. mars, etterfølgd av ei offisiell utgjeving 25. mai 2015. Etter at Emily Dolan Davies slutta i bandet, heldt The Darkness den første konserten sin med den noverande trommeslagaren sin, Rufus Taylor, sonen til Queen-trommeslagaren Roger Taylor, ein lanseringsfest for albumet for fansen i Gibson Guitar Studio i London 23. april. Ein tredje singel, «Last of Our Kind», kom ut 29. juli, med ein musikkvideo laga i studio, som syner bandet i lag med utvalde fans. Albumet kom ut på ny 20. november 2015, med eit alternativt plateomslag med juletema og fire bonusspor, inkludert singlane «Million Dollar Strong» og «I Am Santa».

Mottaking

Journalist J.C. Maçek III i Spectrum Culture skreiv «Dette fjerde albumet vart produsert av gitaristen Dan Hawkins, som syner seg som eit geni med denne musikkstilen, særskild når det gjeld å framkalle dei mest primale skrika frå broren, vokalisten Justin Hawkins.»

Innhald Alle songane skrivne og komponerte av Justin Hawkins, Dan Hawkins og Frankie Poullain; «Mudslide» og «Messenger» skriven i lag med Emily Dolan Davies, «I Am Santa» skriven i lag med Rufus Taylor.

Medverkande

Justin Hawkins – vokal, gitar Dan Hawkins – gitar, produsent Frankie Poullain – bass, vokal («Conquerors») Emily Dolan Davies – trommer Rufus Tiger Taylor - trommer («I Am Santa»)

Andre Trevor Weston – monolog («Barbarian») 236 The Darkness-fans – vokal («Last of Our Kind»)

Teknisk Phillis Darkling – kunstnarisk leiar, design Nick Roche – kunst (framside) Christian Furr – kunst (bakside) Thom Lessner – kunst (illustrasjonar) Kevin Smith – design på nett Simon Emmett – fotografi

Salslister Liste (2015) PlasseringUK Rock Chart1UK Indie Chart2UK Vinyl Chart4

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Last of Our Kind» frå , den 12. mai 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2015 Kategori:The Darkness-album