Amalie Vevle Eikeland () er ein norsk fotballspelar som spelar for Reading og det norske landslaget.
Klubbfotball Eikeland debuterte i Toppserien for Arna-Bjørnar allereie som 15-åring. Trass i for sin unge alder etablerte ho seg raskt i eit sterkt Arna-Bjørnar, og i 2012-sesongen scora ho 11 seriemål i en sesong som enda med bronse til Arna-Bjørnar. Eikeland vart tildelt Statoils talentpris for september i 2013, og i 2014 vart ho av Bergensavisen kåra til Hordalands nest største idrettstalent. Eikeland og Arna-Bjørnar tok bronse i Toppserien også i 2013, 2014 og 2018.
Etter mange år i Arna-Bjørnar, signerte Eikeland kontrakt med Sandviken før 2019-sesongen. I august 2019 vart ho henta til Reading FC i Women's Super League, den øvste divisjonen i England. I 2021 forlengde ho kontrakten med Reading. Ho vart i 2022 kåra til både «årets spelar» og «spelaranes årets spelar» i Reading.
Landslagsfotball Eikeland har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.
Eikeland vart teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gang i september 2016, saman med lagvenne i Arna-Bjørnar Vilde Bøe Risa. Eikeland debuterte for A-landslaget i en kamp mot Israel den 19. september 2016.
Eikeland var ein del av den norske troppen under VM i Frankrike i 2019. Ho vart også teken ut til EM i England 2022.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Amalie Eikeland» frå , den 8. november 2022.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball