Anna Langås Jøsendal () er ein norsk fotballspelar som spelar for Rosenborg.

Klubbkarriere Avaldsnes (2017–2021) Etter å ha spela aldersbestemt fotball i Odda Fotballklubb, signerte Jøsendal for Avaldsnes i juli 2017. Ho debuterte i Toppserien i heimekampen mot Grand Bodø i august 2017. Same haust var ho med å vinne cupgull med Avaldsnes; ho vart bytta inn mot slutten av cupfinalen mot Vålerenga. I oktober 2018 signerte ho sin fyrste proffkontrakt med klubben. Både i 2019 og 2020 var ho plaga med flere skadeavbrekk, noko som hindra ho med å få den kontinuiteten ho ønskte. Sommaren 2020 fornya hun kontrakten med Avaldsnes ut 2021-sesongen.

Rosenborg (2022–) I august 2021 vart det kjent at Jøsendal hadde signert for Rosenborg frå 1. januar 2022.

Landslagskarriere Jøsendal har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og A-landslaget til Noreg.

Ho spela for det norske J19-landslaget under U19-EM i Skottland 2019.

I august 2021 vart ho teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gong. Neste gong ho vart teken ut i landslagstroppen var då ho som ei av dei største overraskingane vart teken ut til EM i England 2022. I juni 2022 fekk ho debuten på A-landslaget i ein privatlandskamp mot New Zealand på Ullevaal Stadion i forkant av europameisterskapen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anna Jøsendal» frå , den 9. november 2022.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Odda