Boris Anfijanovisj Tsjaklin () var ein russisk turnar frå byen Isjim som vart verdsmeister i 1958 og olympisk meister under Sommar-OL 1960. Han representerte Sovjetunionen. Tsjaklin døydde i Kyiv.

Karriere Tsjaklin fekk sitt fyrste VM-gull i lagtevlinga ved Verdsmeisterskapen i turn 1954. To år seinare sikra han seg gullmedaljen i bøylehest under Sommar-OL 1956 i Melbourne, der han også fekk eit gull med det sovjetiske laget i lagkampen. I mangekampen hamna han på åttandeplass.

Då Turn-VM 1958 vart avvikla i Moskva gjekk Tsjaklin til topps i mangekampen, på bøylehest, i svingstang og skranke, samt i lagtevlinga. I Sommar-OL 1960 i Roma vann han fire gullmedaljar, dessutan to sølv- og ein bronsemedalje. Olympisk meister vart han i mangekamp, bøylehest, hopp og skranke.

Tsjaklin vann svingstang-øvinga under Sommar-OL 1964. Med Sovjetunionen sitt lag fekk han også ein gullmedalje i lagtevlinga, medan han vart andremann i mangekampen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Boris Tsjaklin» frå , den 27. november 2022.

Kategori:Russiske turnarar Kategori:Sovjetiske turnarar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1964