Maia Sandu () er ein moldovsk samfunnsøkonom og politikar som frå 24. desember 2020 er president i Moldova. Ho var statsminister i landet frå juni til november 2019.
Sandu var minister i utdanningsdepartementet frå 2012 til 2015 og medlem av det moldovske parlamentet frå 2014 til 2015 og i 2019. Ho har vore leiar for Handlings- og solidaritetspartiet (rumensk Partidul Acțiune și Solidaritate, PAS) sidan 2016.
Sandu vann presidentvalet i november 2020 over rivalen Igor Dodon, med 57 % av røystene. Ho vart innsett i presidentembetet 24. desember 2020.
Sandu har vore tilsett i Verdsbanken, og er rekna som positiv til orienteringa av Moldova mot EU.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Maia Sandu» frå , den 1. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Moldovske politikarar Kategori:Moldovske presidentar