«Eaea» er ein flamenco-inspirert song frå 2022 med den spanske artisten Blanca Paloma. Songen blei gjeven ut 20. desember 2022 og vann songtevlinga Benidorm Fest 2023 – den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest. Gjennom sigeren blei «Eaea» det spanske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia. Der enda songen på 17. plass.
Om songen «Eaea» er skriven som en kallesong, eller voggesong, retta mot eit barn. Tittelen «Eaea» har inga tyding utover å vere eit kallerop eller nynning. Sjølv har Blanca Paloma fortalt at songen er eit bodskap frå bestemoras kultur og musikalske røter til ho sjølv. Då artisten var barn, song bestemora Carmen ein song som gjorde narr av døden – noko som stamma frå røtene til bestemora frå Sevilla.
«Eaea» er ein såkalla nyflamenco, ein sjanger som blandar flamenco-rytmar og tonar med moderne musikkformer som pop, jazz, verdsmusikk, blues og elektropop.
«Eaea» blei gjeven ut 22. desember 2022 og var blant bidraga i den spanske musikktevlinga Benidorm Fest 2023. Songen vann finalen laurdag 4. februar og ble med det det spanske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Som eit av dei fem store landa var Spania direktekvalifisert til finalen laurdag 13. mai. I finalen fekk «Eaea» 100 poeng og enda på 17. plass. Songen kom sist i telefonavrøystinga og fekk kun 5 poeng frå sjåarane; dei resterande 95 poenga kom frå fagjuryane.
Listeplasseringar + Liste (2023) Høgasteplassering (AGATA) 67
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eaea» frå , den 5. desember 2023.
Kategori:Spanske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Spanskspråklege Eurovision Song Contest-songar