Jenny Lund () var ein norsk politikar for Ap. Ho var fast møtande stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag fylke frå 1956 til 1963.
Liv og virke Lund vaks opp i fjellbygda Ålen som nest yngst av åtte sysken. Faren, Rasmus Saksgård, var skomakar, kommunepolitikar og avhaldsmann. Mora Marie var dotter av Gøran Bengtson, som var stiger ved Killingdal gruver.
I 1931, 15 år gammal, melde Lund seg inn i arbeidarungdomslaget på Graftås i Ålen.
16 år gammal flytta Lund til Trondheim for å skaffe arbeid. Ho arbeida som hushjelp, seinare på eit bokbinderi. Ho engasjerte seg også i arbeidarungdomslag og godtemplarungdomslag. I 1943 gifta ho seg med Per-Helge Lund (1916–1950) frå Trondheim.
Gründer Like etter krigen byrja Jenny og Per-Helge Lund, saman med broren til Jenny og svigerinna, å produsere ryggsekkar på loftet heime. Dette blei byrjinga på Fjellheimen sportsfabrikk, som produserte blant anna soveposar, ryggsekkar, telt og anorakkar. Fabrikken blei ein viktig kvinnearbeidsplass i Ålen. Selskapet blei kjøpt opp av Helsport i Trondheim i 1965 og flytta produksjonen til Melhus i 1979.
Politikar og organisasjonsbyggjar Jenny Lund blei ei drivkraft bak å danne fleire arbeidarkvinnelag i Ålen og nabobygdene, og ho fekk også plass i Sør-Trøndelag Arbeidarparti sitt kvinneutval. Ho blei også lagt merke til som kommunepolitikar.
Lund var vararepresentant til Stortinget i fire valperiodar frå 1954 til 1969. Ho rykka opp som fast representant då Amund Skarholt døydde i april 1956. Etter stortingsvalet i 1957 møtte ho fast som vara for fiskeriminister Nils Lysø. Lund sat heile tida i Stortingets sosialkomité, der ho deltok i lovbehandlinga av den kommunale sosialhjelpen og ytingar som seinare blei ein del av folketrygda. Då Gerhardsen-regjeringa måtte gå av på grunn av Kings Bay-saka i 1963, mista Lund også stortingsplassen.
Etter stortingsvalet i 1965 møtte Lund, i samband med regjeringsskiftet, i eit par veker for sosialminister Olav Gjærevoll.
Lund sat i komitéen som i 1969 la fram forslag til endringar i straffeprosesslova.
Jenny Lund fortsette å engasjere seg i partiarbeid. Ho hadde også leiarverv i pensjonistlag og eldreråd i Ålen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jenny Lund» frå , den 5. mars 2024.
Kategori:Norske politikarar Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Ap-politikarar i Sør-Trøndelag Kategori:Lokalpolitikarar frå Arbeidarpartiet Kategori:Lokalpolitikarar i Holtålen Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Folk frå Holtålen