Mirjana «Mira» Marković () også kjend som fru Milošević, var ein serbisk sosiolog, politikar og enka etter den serbiske politikaren Slobodan Milošević.
Liv og virke Bakgrunn Mirjana Marković var dotter av Moma Marković og Vera Miletić, som båe var medlem av partisanane. Tanta hennar, Davorjanka Paunović, jobba som privatsektretæren til Josip Broz Tito. Det har blitt påstått at Paunović var elskarinna til Tito. Mora Vera blei tatt til fange av tyskarane under andre verdskrigen og kan ha blitt avretta mistenkt for å ha gjeve opplysningar til den tyske okkupasjonsmakta. Ein annan versjon av historia er at Miletic blei lurt av lokale fascistar. Omstenda rundt døden til mora er uklåre og dokument om saka forsvann då Milošević kom til makta.
Markovic og Slobodan Milošević møtte kvarandre som tenåringar i Požarevac under eit arrangement av dei militante ungkommunistane, og dei to var eit par sidan. Marković var ein svært ambisiøs og dyktig student, mens Milošević var treig. Ho var professor i marxistisk sosiologi ved universitetet i Beograd. Markovic og Milošević gifta seg i 1965.
Politisk virke Marković var ein så nær politiske støttespelar og rådgjevar for ektemannen at dei i praksis styrte landet saman. Marković blei også kalla «den raude heksa» på grunn av sin nykommunistiske retorikk eller «Lady Macbeth i Beograd». Ho gav offentleg inntrykk av å vere forsiktig og stillfarande, men var frykta for å være omsynslaus i politikken. Ho var medlem av parlamentet i Den føderale republikken Jugoslavia også etter at Milošević var avsett.
Marković og dottera blei jaga ut av heimbyen Požarevac av aktivistar i april 2001. Marković var leiar av det lille av nykommunistiske jugoslaviske venstrepartiet.
Seinare år Marković og sonen Marko budde seinare i kvar sin villa i Barvikha ved Moskva. Den vesle byen Barvikha husar fleire avsette statsleiarar i eksil. Marković flytta i eksil i 2003. Ho flykta til Russland etter korrupsjonstiltale i heimlandet. EU låste eigedelane hennar som var anteke delvis å ha blitt tileigna på ulovleg vis. EU oppheva restriksjonane i 2014 då dei ikkje lenger frykta at ho var ein trussel mot demokratiet i regionen. Arrestordren blei suspendert slik at ho kunne reise inn i Serbia i samband med gravferda til ektemannen Milošević i Beograd. Marković let vere å reise til gravferda og serbiske myndigheter utferda arrestordren på ny.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Astrid Krag» frå , den 18. mars 2024.
Kategori:Serbiske politikarar Kategori:Folk frå Branicevo