Anders Besseberg () er ein norsk tidlegare skiskyttar og skiskyttartrenar. Han var president i Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) frå 1992 til 2018.

Karriere Besseberg var i sin aktive periode på det norske landslaget i skiskyting. I 1976 vart han norsk landslagstrenar, ei stilling han hadde til 1980.

Han byrja deretter i IBUs tekniske komité og vart visepresident i forbundet i 1988. Han overtok leiarvervet etter russaren Igor Novikov i 1992. I løpet av Bessebergs tid som leiar har skiskyting utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste vinteridrettane. Under IBU-kongressen 2010 i St. Petersburg ville han ikkje stilla som leiarkandidat, men etter massivt press lét han seg likevel velja att fram til 2014.I september 2014 vart han endå ein gong vald for fire nye år på IBUs ellevte kongress i austerrikske St. Wolfgang im Salzkammergut med reint fleirtal. Besseberg uttalte at han eigentleg ønskte å tre til side etter 22 år i vervet, men stilte til attval for å hindra at den kontroversielle, russiske kandidaten Aleksandr Tikhonov vart vald til IBU-president. Besseberg vann klart med 33 stemmer, medan motkandidatane, Tikhonov og kanadiske James Carrabre, fekk høvesvis elleve og seks stemmer.

Skuldingar om korrupsjon 12. april 2018 informerte Besseberg norske medium at han trekte seg som IBU-president i etterkant av skuldingar om korrupsjon. 28. januar 2021 vart ein granskingsrapport om korrupsjon i idretten offentleggjord. Denne rapporten gjentok skuldingane om korrupsjon mot Besseberg. I april 2023 kom eit tiltalevedtak basert på skuldingar frå Økokrim om grov korrupsjon.Den 9. januar 2024 starta rettssaka i Buskerud tingrett der Anders Besseberg stod tiltalt for grov korrupsjon i utland. Mellom anna var han skulda for å ha fått gåver og tenester frå russarar sentralt i saka. 12. april 2024 vart Besseberg dømd til fengsel i tre år og éin månad og 1,41 millionar i verdiinndraging. Besserud anka dommen på staden.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anders Besseberg» frå , den 14. april 2024.

Kategori:Norske idrettsleiarar Kategori:Norske skiskyttarar Kategori:Noregsmeistrar i skiskyting