Lærdal-Kaupanger var eit ferjesamband i Indre Sogn mellom Kaupanger i Sogndal kommune og Lærdalsøyri i Lærdal kommune. Sambandet vart til i 1938 då det gamle sambandet Lærdal-Vadheim vart delt opp, og den innleigde kutteren «Vesle Øyvind» trafikkerte sambandet det fyrste året.
I 1966 vart dåverande E68 forlenga frå Lærdalsøyri til ny Revsnes ferjekai 14 kilometer nordvestover langs Sognefjorden for å korte ned overfartstida til Kaupanger og dåverande E68 Gudvangen, og med dette vart sambandet erstatta av Revsnes-Kaupanger.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Kristin Ese: «Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Finn Borgen Førsund: «Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998» på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Kategori:Tidlegare ferjesamband i Vestland Kategori:Samferdsle i Lærdal Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Skipingar i 1938 Kategori:Nedleggingar i 1966