Sigderemittar (Eutoxeres) er ei biologisk slekt av kolibriar med umiskjenneleg sterkt nedbøygd nebb og stripete underside. Dei lever i fuktig og nedre fjellskogskratt. Slekta omfattar to artar heimehøyrande i neotropane. Utbreiingsområdet deira strekkjer seg frå nord i Costa Rica i Mellom-Amerika til nordvest i Bolivia i Sør-Amerika, hovudsakleg langs Andesfjella.

Det vitskaplege slektsnamnet Eutoxeres kjem frå gresk, der eu tyder ‘fin’ eller ‘god’, og toxērēs tyder ‘bogeskyttar’.

Kjenneteikn

Fuglane i denne slekta er mellomstore, kraftig bygde kolibriar, mellom 12 og 15 cm lange, og er lett gjenkjennelege på dei sterkt nedoverbøygde nebba som nesten formar ein 90-graders vinkel. Fjørdrakta er dempa i fargane, med kvitaktig underside tett stripete med mørkebrunt til svartbrunt. Stjerten er sterkt gradert med kvite tuppar på stjertfjørene. Sigderemittar held til i fuktige fjell- og låglandsskogar, i opne område nær skog, skuggefulle sukkerrøyrfelt og anna dyrka landskap. Kjønna er like.

Artsoversyn Slekt Eutoxeres i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert begge artane som livskraftige: Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Autor Utbreiing140pxGrønsigderemittEutoxeres aquila(, 1847)150px140pxRuststjertsigderemittEutoxeres condamini(, 1851)150px

Kjelder

Første versjon av denne artikkelen var basert på «Eutoxeres» frå , den 13. juni 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kolibrifamilien Kategori:Kolibriar i Bolivia Kategori:Kolibriar i Peru Kategori:Kolibriar i Ecuador Kategori:Kolibriar i Colombia Kategori:Kolibriar i Mellom-Amerika Kategori:Fugleslekter