Signe Gaupset () er ein norsk fotballspelar frå Molde som spelar for .
Klubbkarriere Gaupset spelte aldersbestemt fotball for og .
Sandviken/Brann (2021–) I april 2021 vart det kjent at Gaupset hadde signert for dåverande . Ho var på dette tidspunktet svært ettertrakta og hadde vore ønska av dei fleste klubbane i Toppserien. 16 år gammal debuterte ho i Toppserien i september 2021, då ho spelte frå start og skåra sitt fyrste mål mot Arna-Bjørnar på Brann Stadion. I løpet av hausten spelte ho fem seriekampar for Sandviken som vart seriemeister denne sesongen.
Før 2022-sesongen vart Sandviken ein del av Sportsklubben Brann, og denne sesongen var Gaupset ein sentral del av laget som vann «». I cupfinalen mot Stabæk skåra ho to av måla og vart kåra til «banens beste».
Som 17-åring vart Gaupset plukka ut på UEFA si liste over 10 kvinnelege fotballspelarar å sjå opp for i 2023. I mars 2024 vart ho rangert som det femte største talentet i verda på kvinnesida av fotballnettsida GOAL.
Landslagskarriere Gaupset har aldersbestemte landskampar for J16, J17 og J19-landslaget til Noreg. Ho var kaptein for Noreg under .
I februar 2024 vart ho for fyrste gong tatt ut i troppen til det norske A-landslaget, i det som var landslagssjef Gemma Grainger sin fyrste tropp. Den 27. februar 2024 fekk ho sin debut for A-landslaget i nasjonsligakampen mot på , då ho blei bytta inn for Celin Bizet Ildhusøy etter 73 minutt.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Signe Gaupset» frå , den 1. juli 2025.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Molde-spelarar Kategori:Sandviken-spelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Molde