Lisa Fjeldstad Naalsund () er ein norsk fotballspelar som spelar for og det norske landslaget.
Klubbkarriere Arna-Bjørnar (2012–2018) Naalsund byrja å spele fotball i Tertnes som seksåring før ho etterkvart tok steget til Arna-Bjørnar. Ho debuterte i Toppserien for Arna-Bjørnar som 16-åring og var med å ta bronse i sin fyrste sesong. I løpet av sine sju sesongar i Arna-Bjørnar tok ho med seg fire bronsemedaljar.
Sandviken/Brann (2019–2022) I desember 2018 vart det kjent at Naalsund, saman med Amalie Eikeland og Cecilie Redisch Kvamme, melde overgang frå Arna-Bjørnar til byrival . I 2019 var ho ønskt av regjerande seriemeister LSK Kvinner, men takka nei og signerte etterkvart ny kontrakt med Sandviken. Året etter takka ho nei til ein overgang til italienske . I 2021 var ho med å ta den fyrste seriemeisterskapen til Sandviken nokonsinne. Ho vart same år nominert til årets spelar i Toppserien, og tatt ut på årets lag av NTB.
Manchester United (2023–) Den 24. januar 2023 signerte Naalsund for den engelske toppklubben . Hun hadde to assist i FA-cupfinalen mot i mai 2024, der Manchester United vann 4–0.
Landslagskarriere Naalsund har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.
Naalsund vart tatt ut til A-landslaget for fyrste gong i november 2017.
Undervegs i VM i Frankrike 2019 vart ho kalla inn til den norske troppen som erstattar for ein skada Emilie Haavi. Men dessverre for Naalsund var regelverket slik at ho ikkje kunne tas inn som ein del av troppen som kunne spele kampar, og ho måtte dimed nøye seg med å vere ein del av treningsgruppa under resten av meisterskapen.
Debuten for A-landslaget kom fyrst 10. juni 2021 då ho vart bytta inn for Vilde Bøe Risa i ein privatlandskamp mot Sverige.
Naalsund vart tatt ut til EM i England 2022, men i ein privatlandskamp mot New Zealand før meisterskapen, pådrog ho seg ein skade som gjorde at ho mista EM.
Merittar Med Sandviken / Brann Toppserien: , Noregsmeisterskapen:
Med Manchester United FA-cupen: 2023/24
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lisa Naalsund» frå , den 1. juli 2025.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Arna-Bjørnar-spelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Sandviken-spelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Bergen