Dika Mem () er ein fransk handballspelar som har gjort teneste i FC Barcelona sidan 2016. Han er verdsmeister 2017, olympisk meister 2021 og europameister 2024 med Frankrike sitt landslag. Mem, som er høgre rykkromspelar, har vunne EHF-meisterligaen 2021, 2022 og 2024 for FC Barcelona.
Karriere Klubbspel Sesongen 2015/16 spelte Mem på Tremblay sitt lag i fransk toppdivisjon. Deretter skreiv han kontrakt med det spanske meisterlaget FC Barcelona. Med dette mannskapet vart han kvar einaste sesong spansk seriemeister og nasjonal cupmeister. Mem skåra to av måla då Barcelona valsa over danske Aalborg HB i meisterliga-finalen 2021. Eitt år seinare enda meisterliga-finalen mellom Barcelona og polske KS Kielce likt, etter ekstraomgangar. Kampen vart avgjort til Barcelona sin fordel med straffekast. Mem skåra seks av måla i kampen. Han skåra sju av måla då Barcelona i 2024 enno ein gong gjekk til topps i meisterligaen.
Landslagsspel Mem har sidan 2016 sanka ei rad medaljar med Frankrike sitt landslag. Etter bronse i EM 2016, vart det gullmedalje under verdsmeisterskapen 2017. Sidan fekk han bronse i VM 2019 og gull under dei olympiske sommarleikane i Tokyo i 2021. Åra 2023-25 var han med på å vinne sølv i VM 2023, gull i EM 2024 og bronse i VM 2025.
Merittar OL-gull: 2021 med Frankrike VM gull: 2017 med Frankrike EM-gull: 2024 med Frankrike VM-sølv: 2023 med Frankrike EM-bronse: 2016 med Frankrike VM-bronse:2019, 2025 med Frankrike Vinnar av EHF-meisterligaen: 2021, 2022 og 2024 for FC Barcelona Spansk serievinnar: 2017, 2018, 2019, 2020, 2021, 2022, 2023, 2024 for FC Barcelona Spansk cupmeister: 2017, 2018, 2019, 2020, 2021, 2022, 2023, 2024 for FC Barcelona Finalist i EHF-meisterligaen: 2020 for FC Barcelona
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dika Mem» frå , den 3. juli 2025.
Kategori:Franske handballspelarar