Martin Marius Bøhm () var ein norsk jurist, lensmann og stortingsmann, fødd i Christiania.
Bøhm var son til ein snikkarmeister i hovudstaden. Sjølv arbeidde han på kontoret til sorenskrivaren i Rakkestad, før han i 1849 tok norsk juridisk eksamen. Han arbeidde deretter eit år hos sorenskrivaren i Trøgstad, og var frå 1852 til han døydde lensmann i Hobøl. I 1869 kjøpte han garden Brekke og busette seg der.
Bøhm var medlem i Hobøl heradsstyre frå 1854, forlikskommissær 1858-76 og postopnar 1857-70. Stortinget 1865-66 representerte han Smaalenenes amt, og var medlem i Budsjettkomiteen. I 1866 av han medlem av ein kongeleg kommisjon om dei sat i embete lønna med sportlar.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Folk frå Hobøl