Henrik Carsten Albretsen () var ein norsk kjøpmann og skipsreiar fødd i Risør. 1862-64 var han stortingsmann frå Brevik. Han var far til Henrik Marcus Albretsen.
Henrik Carsten var son til den tyskfødde skipsføraren Henrik Albretsen. Sjølv var han handelsbetjent i Brevik frå 1836 og sidan 1843 kjøpmann i same byen. Etter kvart utvida han verksemda til å omfatte trelasthandel, iseksport og skipsutreiing. Frå 1876 var han einast skipsreiar og iseksportør.
Albretsen var medlem i bystyret i mange år, ordførar i 6 år. Forlikskommissær i mange år. Han representerte Brevik i Stortinget 1862-63 og omframtstortinget 1864. 1862-63 var han medlem i Justiskomite nr. 2.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Folk frå Brevik Kategori:Folk frå Risør Kategori:Norske kjøpmenn