Kaspimåse (Larus cachinnans) er ein stor måse som hekkar frå sørlege Polen og austlege Ungarn gjennom områda kring Svartehavet, Kaspihavet og Aralsjøen, og vidare austover til Kasakhstan.

Det vitskaplege namnet kjem frå latin: Larus viser til ein måse eller annan stor sjøfugl, medan cachinnans tyder «leande», frå cachinnare – «å le».

Skildring

Kaspimåsen er ein stor måse, 58–68 cm lang, med eit vengespenn på 137–145 cm og kroppsvekt mellom 680 og 1500 gram. Arten har eit langt og smalt nebb, forsterka av den skrånande panna. Bein, venger og hals er lengre enn hos både gråmåse og gulbeinmåse. Auga er små og ofte mørke, og beina varierer frå bleikrosa til svakt gulaktige. Oversida og vengene er noko mørkare grå enn hjå gråmåsen, men lysare enn hjå gulbeinmåsen. Ungfuglar i første vinterdrakt har bleikt hovud med mørke striper på bakhovudet og nakken. Undersida er lys, og ryggen gråaktig. Dei større og midtre vengedekkarar har kvite spissar som dannar to bleike band på tvers av vengen.

Utbreiing

Kaspimåsen hekkar kring Svartehavet og Kaspihavet, og vidare austover gjennom Sentral-Asia til Kasakhstan og litt inn i nordvestlege Xinjiang i Kina. I Europa har arten spreidd seg nord- og vestover, og hekkar no i Polen, Aust-Tyskland, sørlege Russland og lever heile året i Ukraina.

Nokre individ trekkjer sørover til Raudehavet og Persiabukta, medan andre spreier seg vestover mot Vest-Europa, til dømes Nord-Tyskland, Danmark, Benelux-landa og jamvel nordlege Frankrike. Han blir observert fåtalig i Storbritannia. I perioden 2000 til 2025 er det gjort 318 observasjonar av kaspimåse på streif i Noreg.

Hekking

Kaspimåsen hekkar typisk på flat, lågtliggjande grunn nær vatn – ulikt gulbeinmåsen, som oftast hekkar i klippeområde der dei to artane overlappar. Hekkesesongen startar tidleg i april, og hoa legg vanlegvis to eller tre egg. Rugeperioden varer i 27–31 dagar.

Føde

Kaspimåsen er ein åtseletar og predator med eit svært variert kosthald. Under hekketida fangar han ofte gnagarar som jordekorn, og flyg då gjerne langt inn i steppene på jakt etter byttedyr.

Status I 2015 vart den totale bestanden estimert til 108-175 tusen modne individ, og Verdas naturvernunion IUCN har klassifisert arten som livskraftig (LC).

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Caspian gull» frå , den 22. oktober 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Måsefamilien Kategori:Fuglar i den palearktiske regionen