«Laika Party» er ein song av den norske songaren og låtskrivaren . Han vart skriven av Emmy saman med fire andre låtskrivarar og produsert av Henrik Østlund og Jonas Jensen. Songen vart gjeven ut 20. januar 2025 gjennom ADA Nordic. «Laika Party» var det irske bidraget i Eurovision Song Contest 2025, der han ikkje kvalifiserte seg til finalen etter å ha blitt nummer 13 i den andre semifinalen med 28 poeng.

Emmy skildrar songen som ei forteljing som skaper ei alternativ røynd for den sovjetiske hunden Laika, der ho overlevde i verdsrommet i staden for å døy om bord på romfartøyet Sputnik 2. Songen fekk blanda mottaking frå både irske og internasjonale medium, og fekk noko ros for komposisjonen sin, men òg kritikk for manglande særpreg samanlikna med andre Eurovision-songar.

Bakgrunn og utgjeving «Laika Party» vart skriven og komponert av , Erlend Guttulsrud Kristiansen, Larissa Tormey, Truls Marius Aarra og Henrik Østlund. Temaet for songen er basert på Laika, ein sovjetisk hund som døydde i låg jordbane om bord på Sputnik 2 den 3. november 1957. I eit intervju med The Irish Times fortalde Emmy at ho først lærte om Laikas historie etter å ha lese eit quizspørsmål i ei avis, og at ho skreiv songen på ein norsk låtskrivingsleir.

I fleire intervju sa Emmy at ho som «dyreelskar» vart lei seg då ho lærte korleis Laika døydde, og at ho ville skape ei gladare alternativ røynd for Laika der ho aldri døydde, men i staden brukte evigheita si på festing ute i verdsrommet. I ein analyse av Tom Hendryk frå Wiwibloggs vert det òg sagt at songen refererer til frykta for einsemd og det å bli sett i vanskelege situasjonar utan val, og at han fremjar uthald gjennom tunge tider. Musikkvideo og promo Saman med songen vart ein tilhøyrande musikkvideo gjeven ut 12. mars 2025. Videoen vart filma og produsert i løpet av to veker i Emmys heimland Noreg. For å vidare fremje songen deltok Emmy på fleire Eurovision-prepartyar før konkurransen i mars og april 2025, mellom anna Melfest WKND 7. mars, Eurovision in Concert 5. april, London Eurovision Party 13. april, og Pre-Party ES 19. april. Den 7. mai hadde Emmy premiere på ei framføringsvideo av «Laika Party» frå Trinity College Dublin på The Late Late Show.

Kritisk mottaking Irske medium og personlegdomar «Laika Party» fekk blanda kritikk. The Irish Times sin Laura Slattery skreiv at songen «har mange fine kvalitetar», og skildra han som ein «meir spøkefullt melankolsk bop enn ein trist banger». The Irish Examiner sin Tom Dunne omtala songen som ein «martyrsong». Han kritiserte òg den irske Eurovision-delegasjonen for å ha «outsourca bidraget vårt til Noreg», og meinte at sjølv om ein irsk hund kunne vore brukt som tema, så «vinn romfartsglamouren over mytologien kvar gong». TV-programleiaren Donal Skehan skreiv i Irish Independent at songen hadde «svært god produksjon», men at han ikkje var minneverdig for han. I samanlikning med det irske bidraget i 2024, Bambie Thug sin «Doomsday Blue», meinte han at Bambie «var mykje meir minneverdig, berre gjennom det sjokkerande uttrykket på skjermen».

Eurovision-relaterte og internasjonale medium I ein Wiwibloggs-melding med fleire kritikarar fekk songen 5,73 av 10 poeng, og vart nummer 26 av dei 37 songane som deltok det året i nettstaden si årlege rangering. Jon O’Brien i Vulture rangerte songen som nummer 19 av 37, og skreiv at han var ein «overraskande rørande hyllest» til Laika, men la til at han var ein «munter, nonsensaktig vise ikkje heilt ulikt skandinaviske Aqua». Doron Lahav i ESC Beat rangerte songen som nummer 23 av 37, og meinte at sjølv om han var «fengande og dansevenleg», mangla han variasjon i komposisjonen.

Mark Savage frå BBC skildra songen som ein «trance-pop-hymne» som «trass ein energisk framføring, er litt av ein nedtur». Angelica Frey i The Guardian inkluderte songen i topp ti-lista si over dei beste Eurovision 2025-songane, og kalla han ein «herleg samansetnad av Aqua, Grimes og eit hint av Rainbow Road frå Mario Kart». Jon Lewak frå Eurovision Stars skreiv at songen var «svært fengande», men la til at kvalifiseringa frå semifinale til finale i stor grad kom til å avhenge av scena og framføringa.

Eurovision Song Contest 2025 Eurosong 2025 Den irske kringkastaren Raidió Teilifís Éireann (RTÉ) sende ein Eurosong 2025-spesial av The Late Late Show den 7. februar 2025 for å velje det irske bidraget til Eurovision Song Contest 2025. Dette var den niande utgåva av tevlinga. Vinnarsongen av dei seks deltakarane vart valt gjennom ei kombinasjon av internasjonal jury, nasjonal jury og telefonavrøysting, der kvar gruppe stod for ein tredel av den totale røysta.

Emmy sende først inn «Laika Party» til , den norske konkurransen for å velje det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2025. Ho vart likevel avvist av NRK. Ho melde seg seinare på Eurosong 2025, der ho vart kunngjord som deltakar 23. januar 2025. Ifølgje RTÉ fekk Emmy delta fordi ein av låtskrivarane, Larissa Tormey, var irsk. Ho vart trekt til å opptre som nummer seks, som siste bidrag.

I finalen vart Emmy og «Laika Party» nummer to hos den internasjonale juryen og fekk 10 poeng. Ho vann derimot både telefonavrøystinga og den nasjonale juryen og sikra seg to sett med 12 poeng, som gav til saman 34 poeng. Dette var åtte poeng meir enn andreplassen, med «My Way». Dermed vart «Laika Party» det irske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.

Under Eurovision Eurovision Song Contest 2025 fann stad i i Basel i Sveits og bestod av to semifinalar den 13. og 15. mai, og finalen den 17. mai 2025. Under trekninga 28. januar 2025 vart Irland trekt til å delta i den andre semifinalen, i første halvdel av showet. Emmy vart seinare trekt til å opptre som nummer tre i semifinalen, etter frå Montenegro og før Tautumeitas frå Latvia.

Til Eurovision-framføringa vart Marvin Dietmann tilsett som sceneregissør. Framføringa hadde med Emmy, broren hennar Erlend og fire andre kvinnelege dansarar: Vilde Skorstad, Karin Aaeng Stuge, Kristiane Lindvik og Christiane Bergersen. Alle seks brukte sølvfarga kostyme, med Emmy i eit «foldeskjørt, sølvstøvlar og ei hjelm-liknande hette», ifølgje Doron Lahav frå ESC Beat. LED-bakgrunnen viste neonlysande hundar som marsjerer, ei stjernekonstellasjon forma som Laika, og neonplanetar.

Emmy og «Laika Party» kvalifiserte seg ikkje til finalen, etter å ha enda på 13. plass av 16 bidrag i semifinalen med 28 poeng. Høgaste settet med telefonrøyster ho fekk var sju poeng frå Storbritannia. Resultatet var den åttande ikkje-kvalifiseringa til Irland det siste tiåret. Til Irish Independent sa ho etterpå: «Det er så mange kjensler … Eg er sjølvsagt litt lei meg om eg har skuffa Irland. Men samtidig har dei vore så hyggelege og støttande, og vi har fått så mange vakre meldingar.» Ho la seinare ut på Instagram at ho var «veldig lei seg» for at ho ikkje kvalifiserte seg.

Listeplasseringar + Liste (2025) Høgasteplassering Litauen (AGATA) 77 UK Singles Sales (OCC) 91

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Laika Party» frå , den 6. november 2025.

Kategori:Irske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar