«Baller» (norsk omsetjing ‘Skyte’ eller ‘Poppe’) er ein song av den austerrikske musikkduoen Abor & Tynna frå debutalbumet Bittersüß. Han vart gjeven ut 24. januar 2025 gjennom Jive Records. «Baller» var det tyske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.

Songen fekk stor popularitet i Europa i vekene etter Eurovision og oppnådde sterk listeplasseringar på tvers av kontinentet. Han nådde førsteplassen på topplistene i Litauen og Latvia, topp fem i Tyskland, Sveits, Luxembourg og Austerrike, i tillegg til topp ti i Finland og Polen. «Baller» er det første bidraget frå Tyskland i Eurovision Song Contest som er framført heilt på tysk sidan 1998.

Bakgrunn og komposisjon Etter det etterlengta tv-comebacket hans i 2024, vart den tyske underhaldaren og låtskrivaren Stefan Raab annonsert som hovudprogramleiar for den tyske Eurovision-utveljinga i 2025, gjennom showet Chefsache ESC 2025 – Wer singt für Deutschland? Etter fleire urovekkjande dårlege plasseringar dei siste åra, slo dei tyske kringkastarane ARD og RTL seg saman med Raab for å finne ein kandidat. Den austerrikske musikkduoen Abor & Tynna, som tidlegare hadde vore oppvarmarar for Nina Chuba sin Glas-turné i 2024, deltok i konkurransen som eitt av nær 3 300 bidrag.

«Baller» vart gjeven ut som den leiande singelen frå debutalbumet Bittersüß 24. januar 2025. Songen er ein «moderne tysk poplåt» med stilistiske verkemiddel som minna Raab om arbeidet til Udo Lindenberg. Songen er skriven og produsert av duoen sjølv saman med produsent Alexander Hauer. Med Tynna sine «hese» vokalar og ein «fengande» hook, kombinerer han element frå elektronisk musikk og hiphop. Den 25. april 2025 vart ein ungarsk versjon, «Lángra gyújtom az eget» (norsk omsetjing ‘Eg set himmelen i brann’), gjeven ut. Denne versjonen endra songen til ein akustisk ballade.

Eurovision Song Contest 2025 Chefsache ESC 2025 – Wer singt für Deutschland? I ein konkurranse som gjekk over fire program frå 14. februar til 1. mars 2025, vart utvalet på 3 281 søkjarar redusert til 24 deltakarar som framførte både coverlåtar og eigne låtar. Etter at ytterlegare 15 deltakarar vart slegne ut, fann finalen og superfinalen stad 1. mars. I motsetnad til tidlegare år vart vinnaren utelukkande vald gjennom telefonavrøysting. Duoen, som tidleg vart utpeika som favorittar av jury­medlemmene Conchita Wurst og Nico Santos, vann telefonavrøystinga med 34,9 % av alle røystene. Som ei hyllest til faren sin, som er cellist i Wienerfilharmonien, inkluderte framføringa deira særleg øydelegginga av ein cello. I Eurovision Song Contest Eurovision Song Contest 2025 fann stad i St. Jakobshalle i Basel i Sveits, og bestod av to semifinalar 13. og 15. mai og finalen 17. mai 2025. Som eit av «dei fem store landa» var Tyskland direktekvalifisert til finalen. Likevel vart songen framført i den andre semifinalen, men utan å konkurrere, mellom frå Israel og Princ frå Serbia.

Abor & Tynna framførte nummeret sitt igjen i finalen 17. mai. Songen vart framført som nummer 16, etter frå Polen og før frå Hellas. I finalen fekk «Baller» 77 poeng frå juryane (inkludert to 12-poengar frå Tsjekkia og Ukraina) og 74 poeng frå telefonavrøystinga (inkludert eitt sett med 12 poeng frå heimlandet til duoen Austerrike), til saman 151 poeng, noko som gav ein 15. plass totalt.

Listeplasseringar + Liste (2025) Høgasteplassering Global 200 (Billboard) 80 Hellas Internasjonal (IFPI) 3 Hellas Internasjonal (IFPI) 26 Island (Tónlistinn) 12 Irland (IRMA) 31 Israel (Mako Hit List) 89 Latvia Airplay (TopHit) 27 Latvia Streaming (LaIPA) 1 Litauen (AGATA) 1 Litauen Airplay (TopHit) 6 Litauen Airplay (TopHit) 80 Luxembourg (Billboard) 4 Noreg (VG-lista) 37 Polen (Polish Airplay Top 100) 28 Polen (Polish Streaming Top 100) 10 Sverige (Sverigetopplistan) 14

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Baller (Abor & Tynna-sang)» frå , den 6. november 2025.

Kategori:Tyske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Tyskspråklege Eurovision Song Contest-songar