Ronnie Atkins () er ein dansk songar og musikar. Han er mest kjend som ein av grunnleggjarane og vokalisten i heavy metal-bandet Pretty Maids.
Biografi Atkins vart fødd i den danske byen Vejle i 1964. I 1981 grunnla han bandet Pretty Maids saman med venen Kenneth Hansen. Bandet starta opp som eit coverband, men byrja etter kvart å skrive eigne songar. I 1984 fekk dei platekontrakt og gav same året ut debutalbumet Red, Hot and Heavy, som fekk stor merksemd i Europa og særleg i Japan.
Sidan debuten har Pretty Maids gjeve ut tretten studioalbum over ein karriere som strekkjer seg over meir enn tre tiår.
Den 10. januar 2013 kunngjorde Tobias Sammet at Atkins ville delta som gjesteartist på det sjette studioalbumet til Avantasia, The Mystery of Time. Der medverka han på songen «Invoke the Machine».
Den 28. februar same året vart det stadfesta at Atkins skulle vere med på turneen The Mystery of Time World Tour, som vitja mellom anna Tyskland, England, Japan, Sveits, Brasil, Argentina og Costa Rica, i tillegg til store festivalar som Wacken Open Air. Trass i at han måtte stå over enkelte konsertar grunna forpliktingar med Pretty Maids, heldt han fram som gjestevokalist på seinare Avantasia-utgjevingar og turnear.
Helseproblem I oktober 2019 offentleggjorde Atkins at han var diagnostisert med lungekreft. Han gjennomgjekk seinare ein operasjon og fleire behandlingsrundar med kjemoterapi. I februar 2020 kunngjorde han at undersøkingar viste at sjukdommen var på retur. I oktober 2020 opplyste Atkins at kreften hadde kome tilbake og at sjukdommen var i stadium fire.
Diskografi
Med Pretty Maids 1984: Red, Hot and Heavy 1987: Future World 1990: Jump the Gun 1992: Sin-Decade 1993: Stripped 1994: Scream 1997: Spooked 1999: Anything Worth Doing Is Worth Overdoing 2000: Carpe Diem 2002: Planet Panic 2006: Wake Up to the Real World 2010: Pandemonium 2013: Motherland 2014: Louder Than Ever 2016: Kingmaker
Med Avantasia 2013: The Mystery of Time 2015: Ghostlights 2019: Moonglow 2022: A Paranormal Evening with the Moonflower Society Kjelder
Bakgrunnsstoff prettymaids.dk
Kategori:Danske songarar Kategori:Heavy metal-songarar